Kim Friele sitt private arkiv held no til på Universitetsbiblioteket og er ein viktig del av Skeivt arkiv. Men det finst meir materiale som endå ikkje er samla inn. Biletet er frå då avtalen med Friele vart skriven under, her er ho saman med dåverande rektor Sigmund Grønmo og dåverande bibliotekdirektør Ole Gunnar Evensen. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

– Skeivt arkiv er eit nasjonalt ansvar

Publisert

Venstre har lagt inn pengar til Skeivt i arkiv i det alternative statsbudsjettet sitt. Det har ikkje KrF, men dei vil ikkje stilla seg i vegen for at homoarkivet kan verta støtta.

– Eg har pengar til Skeivt arkiv med på kravlista. Sjansen er stor for å få det gjennom, meiner venstrepolitikar Terje Breivik.

Venstre har lagt inn fem millionar kroner til drift av Skeivt arkiv i sitt alternative statsbudsjett for 2016, og Breivik er tydeleg på at arkivet er eit nasjonalt ansvar. Arbeiderpartiet, SV og deler av Senterpartiet går òg inn for at arkivet skal få støtte.

– Ære vera Universitetet i Bergen som allereie har gjort mykje innanfor trange rammer. Men UiB har meir enn nok anna å prioriera innanfor det budsjettet dei har, ein kan ikkje venta at dei skal ta på seg nasjonale oppgåver i tillegg, seier Breivik.

Meiner noko kan gå tapt
I motsetnad til kulturminister Torild Widvey (H), som i fjor sa at «prosjektet «Skeivt arkiv» er i gangsatt av Universitetet i Bergen, som får årlige driftsbevilgninger over statsbudsjettet. I samsvar med den etablerte rammebudsjetteringen, vil det være Universitetet i Bergen som tar stilling til den videre driftsfinansieringen av prosjektet», då finansiering var debattert i Stortinget, meiner Breivik at det er eit nasjonalt ansvar å sikra dokumentasjonen.

– UiB har her gitt Noreg eit arkiv som seier noko om samfunnet si utvikling i handteringa av homofili-spørsmålet. Me står i fare for at arbeid går tapt på vegen om ikkje finansieringa kjem på plass, seier Breivik.

Han seier at han ikkje har drøfta saka med Kristeleg folkeparti, men at han kjem til å ta kravet med når dei to partia skal forhandla om statsbudsjettet med regjeringspartia.

Og KrF er ikkje negative til at Skeivt arkiv kan få støtte.

– Me har òg diskutert Skeivt arkiv. Me klarte ikkje å finna midlar til det i vårt alternative budsjett, og tenkte at UiB burde finna pengar til arkivet innan si eiga ramme. Men sidan Venstre no har spelt det inn, hamnar saka på forhandlingsbordet. Me vil ikkje stå i vegen for midlar til Skeivt arkiv, seier stortingsrepresentant Geir Bekkevold (KrF), som er nestleiar i familie- og kulturkomiteen.

Men KrF har sjølvsagt saker som er viktige for dei, og Bekkevold seier til På Høyden at han håpar Venstre kan støtta nokre av dei. Han nemner kutt i pressestøtta og kunstnarstipend som to døme.

Veit lite om framtida
UiB har lagt inn ein million kroner meir enn i år til Skeivt arkiv i budsjettet for 2016. Det betyr at det no ligg inne 1,2 millionar i driftsmidlar.

– UiB har vore svært positivt innstilt til Skeivt arkiv og har styrka satsinga på arkivet. Men òg me meiner at det er eit nasjonalt ansvar, seier assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden.

– Har de drive lobbyverksemd for denne saka?

– Dette er ei av sakene me har vore opptekne av når me har treft representantar for politiske parti, og saka har vore tema, seier Tungodden.

Runar Jordåen, som er førstebibliotekar og prosjektleiar for Skeivt arkiv, seier at fem millionar er det som trengs.

– UiB har jobba for arkivet. Dei huser oss, og infrastrukturen er på plass. Men Skeivt arkiv er så mykje meir enn ei UiB-sak, seier han.

Prosjektleiaren fryktar eit tøft 2016 om det ikkje kjem ekstra midlar.

– Me kjem nok til å overleva, men førebels veit me lite om framtida. Det er så mykje me ønskjer å gjera, mellom anna intervjua eldre homofile.

– Ei katastrofe
Tone Hellesund var initiativtakar til arkivet. I dag leiar ho referansegruppa og i tillegg er ho professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).

– Dersom Skeivt arkiv ikkje får midlar, vil det vera ei katastrofe for moglegheita til forsking på skeiv historie. Noreg ligg allereie langt etter, seier Hellesund.

Ho seier at det hastar med å få samla inn både skriftleg og munnleg materiale. Mange av dei som var aktive i homorørsla på 1950-talet er allereie døde, og dei som var aktive på 1970-talet byrjar å verta godt vaksne.

– Mange av desse er no i ein situasjon der dei er i ferd med å flytta til mindre leilegheiter. Me må få tak i materialet dei har før det rett og slett hamnar i ein bosscontainer, seier Hellesund.

Men ikkje all historie finst på papir i det heile. Hellesund seier at ein veit at slik er det òg med historia til andre minoritetsgrupper.

– Kim Friele har heldigvis vorte intervjua mange gonger. Men det er òg andre me gjerne vil snakka med, seier professoren.

Ho fortel om stor interesse blant studentane for den skeive historia. Ved AHKR er det no tre masterstudentar som skriv oppgåver med utgangspunkt i Skeivt arkiv.

– Eg planlegg sjølv eit prosjekt der eg ser på den lesbiske kvinnerørsla på 1970-talet. I tillegg brukar eg materialet mykje i undervisninga mi, seier Hellesund. 

 

Journalisten gjer merksam på at Tone Hellesund er søster til Dag Hellesund, ansvarleg redaktør i På Høyden. Dag Hellesund har difor ikkje vore involvert i det redaksjonelle arbeidet med denne saka.

Blad og tidsskrift er ein del av arkivet. Professor Tone Hellesund håpar ho òg kan få samla inn munnlege historier frå nokre av dei som har vore aktive i homokampen. Arkivfoto: Karl Kristian Langeland
Powered by Labrador CMS