Økonomiprofessor Steinar Vagstad meiner det er på tide at finansieringssystemet frå 2002 vert endra, men er samd i at basis ikkje vert rørt.

Ingen dramatiske endringar i finansieringa

Publisert

Kandidatar og BOA kjem inn som kategoriar i forslaget til endra finansieringssystem. Men regjeringa gjer ingen ting med basisløyvinga.

«Ekspertgruppa som vurderte finansieringssystemet meiner ei dekomponering for den einskilde institusjonen er urealistisk å gjere på ein god nok måte».

Det heiter det i kapittelet «Endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskular» i forslaget til statsbudsjett for 2016.

Med andre ord: Basisløyvinga vert ikkje gjort noko med. Dette er UiB-rektor Dag Rune Olsen glad for. Rektorane ved dei nye universiteta er truleg mindre nøgde. Dei har hevda at vilkåra for dei gamle og dei nye universiteta er ulike. Kunnskapsdepartementet har rekna på kva det vil kosta om alle førsteamanuensar og professorar ved alle statlege institusjonar skulle fått same forskningstid: to milliardar kroner.

«Regjeringa har ambisjon om fleire verdsleiande fagmiljø. Dette inneber ulik finansiering av fagmiljø og institusjonar. Det er ikkje mogleg å satse like tungt innanfor alle fagområda», heiter det i saksframstillinga.

I april i fjor vart det oppnemnd ei ekspertgruppe som skulle sjå på finnasieringa av UH-sektoren og koma med forslag til endringar. Dei leverte ein rapport der dei føreslo å vidareføra hovudtrekka. Det same vart føreslege i Stortingsmelding 18: Konsentrasjon for kvalitet.

UiB har meir ein UiA
– Har dei nye universiteta grunn til å vera sure?

– Dersom me samanliknar UiB med til dømes Universitetet i Agder, så har me meir pengar, noko som betyr at me har meir tid til forsking og kan ta oss råd til å ha fleire småfag. Det ville nok dei nye universiteta  også hatt pengar til. Men samstundes var ein av føresetnadane då ein del høgskular vart universitet at finansieringa ikkje skulle endrast.

Det seier Steinar Vagstad, professor ved Institutt for økonomi.

Vagstad seier at det er klare argument for å la basisløyvinga vera som ho er. Det er eit stort og slitsomt arbeid å gå i gang med, og det er slett ikkje sikkert at det vert noka endring. I Danmark gjorde konsulentbyrået McKinsey ei kostandskartlegging. Det førte ikkje til endringar i det danske systemet.

Men det er grunn til å gjera noko med det totale finansieringssystemet, meiner Vagstad.

– Finansieringssystemet er gamalt, så nokre endringar er på sin plass. Men endringane som vert føreslegne no er ikkje veldig dramatiske.

Les også: Forskere uten tillit til systemet

Mindre endringar
I dag er det seks komponentar i finansieringssystemet, i tillegg til basis: Studiepoeng, studentutveksling, doktorgradskandidatar, inntekter frå EU, vitskapeleg publisering og inntekter for Noregs forskingsråd og regionale forskingsfond. I forslaget til endring er det kome inn to nye punkt, i tillegg vert nokre av dei eksisterande føreslege endra: I tillegg til studiepoeng kjem det inn ein kandidatindikator. Begge desse indikatorane er delt i seks kategoriar. Om kandidatindikatoren heiter det at det ikkje berre skal leggast vekt på talet som vert tekne opp til høgare utdanning, og at samla vil indikatorane for studiepoeng og kandidatar stimulera til god dimensjonering av tal på studieplassar og høgare kvalitet, og slik medverka til at fleire gjennomfører innan rimeleg tid.

Vagstad seier at kandidatindikatoren gjer at det løner seg å uteksaminera studentar med ferdig bachelor- eller mastergrad i større grad enn studentar med ulike årsstudium. Det er førebels uklart om dette vil føra til omfordeling mellom institusjonar.

Det andre nye punktet er BOA. Om det heiter det at det vil gi intensiv til meir samspel med mellom anna næringslivet.

For vitskapeleg publisering heiter det at måten ein reknar ut på skal endrast. I dag gir publisering i humaniora og samfunnsfag fleire publiseringspoeng enn ein får innan matematikk- og naturvitskap, medisin og teknologiske fag. Endringane regjeringa føreslær vil sikra at alle fagområde vil telja like mykje, heiter det, utan at det er spesifisert korleis.

For EU-inntekter er det i dag forskingssamarbeid som gjeld. I det nye systemet vil alle inntekter frå EU-systemet telja med. 

Powered by Labrador CMS