Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Når det blir trangare tider aukar kampen om midlar i akademia. Då kan det sjå ut som at likestillinga må vike, seier Anne Marit Skarsbø, likestillingsrådgjevar ved UiB.
– At likestillinga taper under ei finanskrise er eit døme på det som Hege Scheie har kalla «likestillinga si vikeplikt». Alle meiner at likestilling er viktig. Men likestillingsarbeidet må ofte vike når «viktigare» tema gjer seg gjeldande. Det å arbeide for ein betre kjønnsbalanse krev ekstra innsats, seier Anne Marit Skarsbø til På Høyden. Korleis den økonomiske nedgangstida har verka inn på akademia er hovudtema for ein konferanse som UiB arrangerer i samarbeid med European Network on Gender Equality in Higher Education. Dette er eit nettverk av forskarar og likestillingsarbeidarar fra heile Europa, samt fra Australia og USA. 29. august samlast dei i Bergen for å diskutere spørsmål knytt til kjønnsbalanse i akademia. Den første konsekvensen av dei dårlege tidene møtte arrangørane alt i planlegginga. For også reisebudsjetta til europeiske forskarar har blitt kraftig råka av finanskrisa. – Innsparingane er merkbare i akademia. Det å reise på likestillingskonferanser blir ikkje prioritert, seier Anne Marit Skarsbø. Konferansen vil likevel samle rundt 250 deltakarar. Hovudinnleiarar er forskarane Alexandra Bitusikova, Cordelia Fine, Curt Rice, Renata Siemienska, Mari Teigen og Kathrin Zippel. Velferdsparadokset – Vi ser på oss sjølve som likestilte. Men når det kjem til toppleiinga i akademia er vi ikkje betre enn andre land. Årsakene til at det er slik er komplekse. Dette er noko av det vi vil diskutere på konferansen, seier Anne Marit Skarsbø. Les også: – Vet ikke hvorfor kvinnene uteblir – Mellom anna i Tyskland og lenger sør i Europa peikar kvinner på mangel på barnehageplass som ein av de viktigaste grunnane til at dei ikkje maktar å gjere akademisk karriere, seier Anne Marit Skarsbø. Norge har ein meir egalitær samfunnsstruktur. Vi har velferdsgode som brei barnehagedekning som gjer det lettare å velge både karriere og barn. Alt ligg tilsynelatande til rette for at universitetet kan vere ein likestilt arbeidsplass. Men tala fortel ei anna historie. Åtte av ti kvinnelege universitetstilsette meiner det ikkje er likestilling på arbeidsplassen, viser ei nordisk studie gjort av forskarane Cathrine Seierstad og Geraldine Healy. Dei har intervjua 240 kvinnelege akademikarar fra universitet i Noreg, Sverige og Danmark om deira oppleving av likestilling, barrierer og diskriminering på arbeidsplassen. Talet er svært mykje høgare enn det kvinner elles i yrkeslivet rapporterer om. Likestillingstiltak på UiB
I Noreg held ikkje finanskrisa som forklaringsmodell for manglande kjønnsbalanse i akademia. Universiteta har vore skåna fra brutale kutt. Seks av ti studentar ved universitet og høgskular er kvinner. Fleire kvinner enn menn tek doktorgrad. Likevel er 79 prosent av norske professorar menn.
– Det er strevsomt å ha eit familieliv og samstundes være på topp akademisk. På UiB har vi sett fleire døme på at kvinner gjerne tek på seg ein større del av rettleiing og undervisning enn dei burde. Dei får ei stor belastning. Samstundes får dei også ei ekstra belastning med det nye kravet om betre kjønnsbalanse i komitear og styrer. Dette har gjort at dei kvinnene som er kvalifiserte for dette gjerne må stille fleire stader. Vi har forsøkt å kompensere for dette ved å gje undervisningsfritak slik at dei skal få meir tid til meritterande forsking. Dette har vi sett god verknad av. Likevel er det ikkje tvil om at kvinner møter mange barrierer på sin veg mot ei toppstilling. Kvar for seg er dei små, men samla gjer dei eit stort utslag.