Fire månader til båten går

Publisert

Det nærmar seg avgang for MAR-ECO cruiset, der det norske forskingsskipet G. O. Sars skal utforske den midtatlantiske rygg. Forskarar frå UiB og Havforskningsinstituttet er no i siste fase av planlegginga av den to månader lange turen som tek til i Bergen 5.juni 2004.

Det er eit relativt ukjent miljø forskarane skal dykke ned i, og mange vil nyte godt av dette, ikkje berre dei som er med, men også alle andre som vil få høve til å studere data og prøver i åra som kjem. Til samanlikning fordjuper forskarar seg framleis i materiale samla inn på dei første oseaniske ekspedisjonane for over hundre år sidan. Skilnaden mellom den gong og no, er at ein no også tek prøver for molekylært og genetisk arbeid. 60 forskarar frå 16 ulike land er involvert i denne tverrfaglege satsinga på dei midoseaniske økosystema i Nord-atlanteren.

Powered by Labrador CMS