Fjuskesaka frå Det medisinsk-odontologiske fakultetet har igjen endt med at stipendiaten aldri får levere avhandlinga si igjen.

Utviser stipendiat – igjen

Publisert

UiB fekk kritikk då ein doktorgradsstipendiat blei kasta ut av programmet etter manglande sitering. No har den sentrale klagenemnda ved UiB vurdert saka på ny, men kome til den same konklusjonen: Stipendiaten får aldri levere.

Kandidaten fekk avhandlinga si underkjend då han leverte inn ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet (MOF) i november 2010, fordi det mangla referansar til to tekstar sitert i introduksjonen til arbeidet. Fakultetsstyret avgjorde at kandidaten ikkje skulle få levere på nytt, og bli skriven ut av programmet. Universitetsstyret kom til den same konklusjonen i februar 2012.

I retur frå sivilombodsmannen
Saka har vore klaga inn for sivilombodsmannen, og  i byrjinga av 2013 kom svaret: UiB hadde gjort ei rekke feil i handsaminga av saka. Mellom anna var ho handsama av feil klageorgan, og saka blei difor send tilbake for ny handsaming ved UiB. Sivilombodsmannen stilte seg og spørjande til om saka var så alvorleg at ho burde føre til utskriving av programmet, og at kandidaten burde nektast ny levering.

Fører til lovendring
Kunnskapsdepartementet har foreslått å endre ordlyden i universitets- og høgskulelova etter denne saka. Slik omtaler dei saka i eit høyringsnotat som blei sendt ut i juli i år:
«Kunnskapsdepartementet ser etter en gjennomgang at det er behov for en lovhjemmel for å samordne utdanningsinstitusjonenes regelverk og praksis for å sikre doktorgradskandidaters rettstilling, særlig knyttet til sanksjoner ved vitenskapelig uredelighet. Departementet viser i denne sammenheng til Sivilombudsmannens uttalelse i sak 2012/1158. I denne saken uttalte ombudsmannen at han mente det forelå svakheter ved reguleringen av doktorandens rettsstilling.»

– Gjort med vilje
Den sentrale klagenemnda ved UiB meiner at den manglande siteringa til studenten er eit klart brot på vitskapleg etikk, og at plagiatet har skjedd med vilje, ikkje ved manglande aktsemd, slik konklusjonen var då saka vart handsama førre gang. At referansar frå den plagierte teksten har blitt tilpassa referansesystemet til stipendiaten, meiner nemnda er eit prov på forsett, og at kandidaten heile tida har vore klar over plagiatet. Den sentrale klagenemnda har vore leiar av Beate Blom, som til dagleg er domar. 

Stipendiaten har på si side heile tida hevda at referansane har falt ut av teksten ved ein feil, og at det er urimeleg å tru at dette er gjort med vilje: Mykje av dei plagierte avsnitta er tatt frå ein forskar som skulle vere opponent ved disputasen.  

Tendensiøs mistru
Medisinprofessor Eivind Meland (biletet) har heile tida støtta den utviste stipendiaten, som no i ei årrekkje har venta på ei endeleg avgjerd i saka.

– Avgjerda er svært skuffande. Eg hadde ikkje trudd at dei skulle gjenta og stadfeste skuldingane frå fakultetet om at dette er gjort med vilje, seier Meland.

Han viser til at mykje av den plagierte teksten er ein tabell som er ei oppsummering av forskinga som er gjort på dette området tidlegare.

– Tabellen var samla og tidlegare publisert av førsteopponenten til stipendiaten. Hensikta var at han skulle videreføre tabellen. Eg synest dei har mistrudd han og lagt dette ut på ein svært tendensiøs måte. Det er sjølvsagt beklagelig at referansen ikkje er med på dette punktet, men den same referansen finst fleire andre stader i avhandlinga hans. Førsteopponenten har kritisert at det mangla fotnote her, men har vore veldig klar på at stipendiaten må få omlevere, fortel Meland.

Moralistisk læringskultur
Meland understreker at saka viser eit problem med læringskulturen ved universitetet.

– Striden står om i kva grad vi skal utvikle ein open kultur som tillet oss å lære feila våre. Eller skal vi tillate at universiteta skal bli perfeksjonistiske og autoritære institusjonar. Prisen for det siste er moralisme og dobbeltmoral, meiner Meland, som viser til at etablerte forskarar kan plagiere heile tekstar i kronikkar utan at det får konsekvensar, mens ein doktorand som har gjort ein mindre feil blir kasta ut og får karrieren øydelagd.

– Slikt burde heller føre til ei viss form for moderasjon når vi skal gi sanksjonar til våre yngre kollegaer under utdanning. Dette er ein dobbeltmoral som er vanskeleg å akseptere for meg. Og viss leiinga på universitetet er så intolerante og viser ei slik form for overreaksjon, så blir alle redde.

Meland har og gitt uttrykk for sin frustrasjon over handsaminga i eit lesarinnlegg i På Høyden.

Då den utviste studenten fekk avslaget sitt, var det ikkje opplyst om at avgjerda kan ankast, noko som er eit brot på reglane for offentleg sakshandsaming, og avgjerda er allereie påklagd.

Hemmelegheld saka
Trass i at det har vore stor merksemd rundt saka er vedtaket frå den sentrale klagenemnda klassifisert som unntatt offentleg innsyn.

Powered by Labrador CMS