Fleire protesterer mot dyre tidsskrift

Publisert

- Forskarane må sjølve vera bevisste på at eigen institusjon bruker enorme beløp på å kjøpa tilbake tilgang til publikasjonane deira, seier bibliotekdirektør Kari Garnes ved Universitetsbiblioteket (UB). Det er no ei gryande protestbølge inernasjonalt mot denne utviklinga.

I fjor bruke UB 16,3 millionar kroner på tidsskrift. Både ved UB og andre fagbibliotek har ein i fleire år vore opptekne av det paradoksale i at forskarane sitt behov for å publisera i prestisjetidsskrifta med høgast vitskapleg slagkraft (“impact factor”) er med på å driva ei stadig stigande kostnadsspiral for tidsskrift.

- Fordi prisen stig så mykje, blir talet på tidsskrift me har råd til å ha heile tida redusert, seier Garnes.

I 2001 sa UB opp 16 titlar til ein verdi av til saman 300 000 kroner, medan biblioteket i fjor kutta over 100 titlar til ein verdi av 451 000 kroner. No er det fleire initiativ for å gjera noko med problemet.

Garnes opplyser at UB Bergen står mellom anna som medlem i SPARC Europe, ein allianse av europeiske fag- og forskingsbibliotek som støttar og arbeider for auka konkurranse innan vitskapleg publisering. Det finst også fleire universitet som har starta opp ei eiga publiseringsteneste som motvekt til “impact factor” i den vitskaplege publikasjonsverksemda.

Fleire aviser og nettstaden forskning.no har i det siste skrive om den veksande motstanden mot dei kostnadsdrivande tidsskrifta. Sjå lenker til aktuelle artiklar nedanfor.

Powered by Labrador CMS