Fleire vil formidle forsking

Publisert

Dei nasjonale forskingsdagane 2002 er evaluert og sluttrapporten klar. Så mange som 165 arrangørar var med, og langt fleire enn tidlegare meinte at forskningssformidling var den viktigaste grunnen til å delta.

Det er all grunn til å vere nøgde med forskingsfestivalen i fjor. 165 arrangørar stod for 900 arrangement over heile landet.

Ei undersøking blant arrangørane viser at fleire deltek i Forskingsdagane for å formidle forsking enn før. Dette kjem fram i ein artikkel på Forskingsrådet sine nettsider.

I 2001 svarte svært mange at profilering av dei sjølv var det viktigaste målet med å delta. I 2002 meinte like mange (36 prosent) at forskingsformidling var viktigast.

Powered by Labrador CMS