Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fred, fridom og utsikter til gode jobbar får stadig fleire utlendingar til å velje Norge som studiestad.
Norge har blitt eit meir populært land å reise til for å ta høgare utdanning. I år er kva tiande student utlending.
– Dei siste åra er det EU-land som står for den sterkaste veksten, seier Arne Haugen, seniorrådgjevar ved SIU i ei pressemelding.
I alt har det vore registrert 25 700 utanlandske studentar i Norge i 2015.
Les også: UiB og NTNU spleiser på en felles rådgiver i Japan
– Gode arbeidstilhøve
Arne Haugen ved SIU meiner at auken har samanheng med arbeidsinnvandring generelt, samt at Norge historisk sett har ein god arbeidsmarknad.
– Vi veit at dei relativt gode arbeidstilhøva i Noreg dreg mange europarar hit, ikkje minst frå land som Sverige, Polen og Litauen. Det bur mange menneske med svensk og polsk statsborgarskap i Noreg. No ser vi stadig fleire av desse finn vegen til høgare utdanning også, seier Arne Haugen.
Flyktningar tek utdanning
Uro i verda har også ført til at fleire menneske er på flukt enn tidlegare. Dette er også merkbart i statistikken over utanlandske studentar. Til dømes har Afghanistan og Eritrea åleine 500 studentar i Norge.
– Det viser at også flyktningane finn vegen til høgare utdanning, noko som er positivt for integrering i samfunnet, seier Haugen.
Førebels er ikkje dei mange unge menneska som har flykta frå Syria synlege i statistikken. Hausten 2015 var det berre 36 studentar frå Syria som var registrerte ved norske lærestader.
Les også: Et felles kvalifikasjonspass kan gjøre det lettere for flyktninger å få studieplass