Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Flyktningar og turistar side om side, og inga reell moglegheit til å hjelpa. Kontrastane vart store for UiB-forskarane som var på Lesbos.
Dei store kontrastane. Det er dei som ligg fremst i minnet hos Heidi Lie Andersen og Una Ørvim Sølvik. Dei to førsteamanuensane var nyleg på kurs på den greske øya Lesbos – øya som den siste tida har vorte mest kjent for dei syriske flyktningane sitt første møte med Europa.
– På den eine sida hadde ein alle turistane. På den andre flyktningane. Det var eit paradoks, seier Andersen.
Må gå seks mil
Dei to forskarane fortel at gruppa dei var i, hadde mange samtalar om dei kunne gjera noko. Ein kveld reiste dei til politistasjonen i den vesle byen Kalloni, som var næraste mottaksstaden til kursstaden dei budde på, for å sjå om dei kunne hjelpa til med noko.
– Men alle hadde fått både mat og vatn. Grekarane er absolutt ikkje så hjelpelause som dei vert skildra som i media, seier Andersen.
– Det var mottak der ein kunne få både mat, vatn og sårstell om det var naudsynt. Stemninga var roleg, supplerer Sølvik.
Dei som kjem med båt over til Lesbos må til Mytilene for å registrera seg. Dei kjem i land nord på øya, med Molivos, og må langs vegen til Mytilene, om lag seks mil, i brennande hete. Så byrjar den lange reisa vidare nordover i Europa – gjerne til fots.
– Me spurte bussjåføren om me ikkje kunne stoppa og ta med nokre flyktningar i alle fall eit stykke. Me sat i ein stor buss med aircondition, medan flyktningane gjekk. Men sjåføren sa nei. For det første var det ikkje hans buss, sa han, og for det andre er det ikkje lov å ta flyktningane med, seier Sølvik.
Greske styresmakter har gjort det ulovleg å hjelpa flyktningane. Dette er gjort for å ikkje etablera ein svart marknad der ein må betala for å få hjelp. Dersom ein hjelper dei som kjem over havet, kan ein verta straffa med bøter eller ein dag i fengsel.
Sakna dei store organisasjonane
Forskarane sier at det ikkje alltid var lett å sjå kven som var flyktningar og kven som var turistar.
– I mykje av det media skriv, høyrest det ut som om det er svært fattige folk som kjem. Men syrarane er ofte godt utdanna, dei er som oss. Sjølvsagt har dei til dømes mobiltelefon, seier Andersen.
Ho seier at ho stussa på at dei store hjelpeorganisasjonane ikkje var til stades på øya.
– Det same tenkte eg. Kor er dei som kan dette, spør Sølvik.
Ved UiB pågår det for tida aksjonar for å samla inn pengar til flyktningane. Les meir om det her.