Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Dette er ei humanitær katastrofe som ikkje kjem til å gå over av seg sjølv, seier Anders Kulseng. Han er seniorkonsulent ved Institutt for geovitskap og ein av initiativtakarane til grasrotaksjonen «Eit dagsverk for flyktningane - UiB».
– Laurdag morgon sto eg opp med ungane, og såg eit innslag på nyheitene om at fastlegane i Tromsø vil donere eit dagsverk til flyktningane frå Syria. Eg tenkte noko liknande må vi kunne få til på UiB, seier Anders Kulseng til På Høyden.
Bileta av fortvilte vaksne med avmakt teikna i ansiktet. Den vesle guten med ansiktet ned i sanden. Det drukna barnet med strikkehue som vert løfta på land. Bileta frå Middelhavet er opprørande.
Saman med nokre UiB-kollegar har Kulseng starta ein innsamlingsaksjon for studentar og tilsette ved universitetet, og kor dei innsamla midlane går uavkorta til Flyktninghjelpa.
Bekkar små
– Aksjonen kom ut frå eit impulsivt og spontant ønske om å bidra. Flyktninghjelpa er veldig lette å støtte, dei er den einaste norske humanitære organisasjonen som har spesialisert seg på beskyttelse og hjelp til menneske på flukt, både flyktningar og internt fordrevne. Dei hjelper til i den akutte nødhjelpsfasen, kor behova er prekære.
Ideen var i utgangspunktet å oppmode alle dei kjenner på UiB til å donere ei dagsløn til Flyktninghjelpa sitt arbeid for dei som har flykta frå Syria og områda rundt.
Men ein skal ikkje trenge å gje ei dagløn om ein ikkje har muligheit til det, understrekar Anders Kulseng.
Mange vil bidra
På Høgskulen i Bergen (HiB) er ein liknande aksjon i gang. Her har initiativtakarane fått eit startbidrag frå HiB sentralt. Også ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) oppmodar rektor Curt Rice sine kollegaer om å bidra til den pågåande kronerullinga ved høgskulen.
– Det er ikkje lett å tigge pengar av folk ein kjenner, og vi var litt nervøse dei første timane, men det trong vi tydelegvis ikkje vere.
Til no har det vorte samla inn godt over 100 000 kroner. Målet er i fyste omgang 300 000 kroner.