Ein overfylt flyktningbåt fekk assistanse frå den irske marinen under den felleseuropeiske Operation Triton i Middelhavet. Foto: Irish Defence Forces, CC BY 2.0.

Store spørsmål i danningsemne om flyktningar

Publisert

I vårens danningsemne på UiB står flyktningsspørsmålet nok ein gong sentralt. Førre veke starta det med følgjande spørsmål: «Er flyktningretten utdatert?».

Dette diskuterte to professor emeriti, jurist Jan Fridthjof Bernt og vitskapsfilosof Gunnar Skirbekk, under eit ope arrangement knytt til danningsemnet: «Menneske på flukt: Kva veit me? Kva bør me gjera?».

Båe har også tidlegare markert seg i diskusjonar om spørsmålet. I samband med flyktningstraumen i 2015 skreiv Skirbekk til dømes ein kronikk i Bergens Tidende der han gav uttrykk for at «massevandringar kan bli eit vedvarande problem», og samstundes etterlyste nytenking om både institusjonelle ordningar og juridiske omgrep. Han tok samstundes til orde for å snevra inn flyktningomgrepet «i samsvar med utgangspunktet, erfaringane frå naziregimet og alle som måtte flykte for livet».

Bernt har på si side skrive om blant anna rettstryggleik for både asylsøkjarar og andre grupper av innvandrarar, og har engasjert seg i spørsmål knytt til asylborn.

– Eg er glad for at dette arrangementet vert kalla ei samtale og ikkje ei førelesing, sa Bernt då han starta si innleiinga.

– I motsetnad til det eg bruker å gjera når eg føreles har eg heller ikkje med noko powerpoint, og det avspegler delvis at eg ikkje veit kor mykje power eg har på dette området, og heller ikkje er sikker på at eg så har mange sikre points.

Bernt omtala diskusjonen om flyktningar som eit felt der ein ikkje berre saknar konklusjon, men også saknar ei samanhengande og forstandig samtale.

– Det er snakk om komplekse problem, som på den eine sida speler i hendene på populistiske utspel og slagord, og på den andre sida også vert skyve under teppet eller gøymd bak noko anna.

 

– Manglar internasjonal koordinering

Bernt gav ein gjennomgang av både flyktningretten si historie, og av eksisterande regelverk og praksis her heime.

– Spørsmålet er om slik me gjer det er ein adekvat måte å handtera problemet på. Dette handlar om krig, om svolt, om økologiske kriser, om massiv forfølging. Er ikkje desse spørsmåla mykje større og mykje meir komplekse enn at ein kan løysa dei ved individuelle vurderingar av kor vidt Peder Ås – eller ikkje Peder Ås, men Muhammed – kan koma til landet vårt?

Han peikte på at eit av problema knytt til spørsmålet er at det handlar om så mange menneske, og om ulike grunnar til at folk dreg ut på desperate reiser til Europa, der slett ikkje alle desse årsakene fell inn under flyktningretten. Samstundes er spørsmålet prega av eit «race to the bottom», meinte han.

– Det er konkurranse mellom ulik europeiske land om å vera strengast, fordi ein er redd for at nokon skal få ein idé om at til dømes Noreg er snillare enn Austerrike, eller Tyskland, eller Danmark eller Frankrike, slik at fleire søkjer seg hit. Dette er skapt av eit regime som manglar internasjonal koordinering av både mottaksapparat og ansvarsfordeling, meinte Bernt.

– Me bomba Libya i filler

Skirbekk brukte i sitt innlegg tid på fleire store spørsmål. Han synte til krig og uro, og retta i den samanheng også peikefingeren på vestlege land.

– Me bomba Libya i filler. Det var eit samfunn som fungerte, og som jamvel hadde avstått frå eit atomprogram, eit autoritært samfunn, men eit samfunn der helse og utdanning fungerte, og der det i dag er ingenting som fungerer.

Fragile states, eller skjøre statar, var eit av utgangspunkta Skirbekk løfta fram.

– Dette er statar med liten legitimitet, liten kompetanse og kapasitet til å sikra rettsorden, utdanning, helse og infrastruktur. Den svake staten gjer at det er dårleg grunnlag for økonomisk aktivitet, dårlege lisvilkår, og liten inntekt til staten tyder også at det er lita vilje til å betala skatt. Når ein ikkje kan stola på staten må ein stola på andre, familie, venar, klanstrukturar.

Demografi og klasse

Så dreia han over på demografi, og peikte på høge fødselstal i ei rekkje afrikanske land.

– I Niger er fødselstala på 6,5. Det tyder at ein har ei tredobling per generasjon. Det er 20 millionar menneske i Niger i dag, om tredve år vil det då vera 60 millionar. Her ligg det krutt, og dette er noko som er lite diskutert, meinte Skirbekk.

Så peikte han på klima og økologi, på tilgangen til vatn, og også på tilgangen til teknologi.

– Ny teknologi kan løysa mange ting. Men den gjer det også lettare å kommunisera, lettare å reisa og også lettare å få tak på moderne våpen. Og samstundes vil teknologiutviklinga føra til at mange tradisjonelle jobbar går tapt. Ein ser at det vert større skilnader på rike og fattige. Når ein i Europa kombinerer dette med tilstrøyming av fleire folk med låg utdanning, så får ein sosial uro og protestrørsler som det ein såg med Trump sin valsiger og med Brexit.

Skirbekk meinte også måtte ha eit klasseperspektiv på flyktningspørsmålet, både på kven som er i stand til å flykta frå eit kontinent og til eit anna, og på kven som tener og taper på migrasjon i mottakarlanda.

– Det er dystre saker dette, med stor kompleksitet og stort omfang.

Skirbekk meinte at det i seg sjølv gjev grunn til å tru at flyktningomgrepet og flyktningretten vil endra seg, og at båe delar vil koma under vesentleg press.

– Er flyktningretten utdatert? Mangt vil kunne tala for at det vert endring, og då er de også tid for uredd og opplyst nytenkning og drøfting, meinte Skirbekk.

Han gav uttrykk for at dagens studentgenerasjon står ovanfor store utfordringar i framtida, og ynskte dei «hell og lukke på dei sju hav».

Fleire opne førelesingar

Det andre opne arrangementet knytt til dette emnet går i Egget torsdag ettermiddag, og er ei førelesing ved Hakan Gurcan Sicakkan, professor i samanliknande politikk. Den tredje opne førelesinga går av stabelen 23. februar. Då skal professor Jarl Giske ved Institutt for biologi og førsteamanuensis Torgeir Skogen ved Institutt for fremmedspråk snakka om «Nordmannen – biologisk opphav og historisk idé».

Powered by Labrador CMS