Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Forskarane som brukar sommaren i Ny Ålesund fekk onsdag besøk av FN sin generalsekretær Ban Ki-moon og utanriksminister Børge Brende.
– Det er veldig spesielt med eit slikt besøk. Det vert mykje oppstyr, og generalsekretøren og ministeren kom med eit stor følgje med journalistar og tryggleiksvakter. Men det er veldig stas.
Det seier professor Gunnar Bratbak. Saman med om lag 25 andre forskarar er han no i Ny Ålesund på Svalbard. Her gjer forskarane såkalla mesokosmoseksperiment der dei kan studera korleis mikroorganismane og det mikrobielle næringsnettet responderer på dei endringane som kjem.
– Me ser på effekten av klimaendringane, seier Bratbak.
Besøk på 12 minutt
Besøket på Svalbard er ein del av Ban Ki-moon sitt tre dagar lange besøk i Noreg. Besøket, der generalsekretæren har møtt både statsminister og utanriksminister, er ein del av førebuingane hans til det store klimatoppmøtet i Paris i desember.
– Ban Ki-moon og Børge Brende var hos oss i 12 minutt. Han er veldig interessert i å snakka med oss og sjå kva med jobbar med, seier Bratbak.
Generalsekretæren fekk ei orientering om laboratoriet i Ny Åleund og forskarane forklarte kva dei gjer og kvifor dei gjer det.
– Me veit ikkje kor mykje mikrobiologi og biogeokjemi dei fekk med seg, men det var viktig å kunne presentera ei lita brikke som bidreg til det store biletet ein skal diskutera i Paris, seier Bratbak.
Han seier at det er i polområda ein ser klimaendringane tydelegast.
– Isen smeltar og tundraen smeltar. Dersom tundraen smeltar meir, vil det kunne gi ei dramatisk effekt. Med den vil enorme mengder organisk materiale verta slopne ut i havet.
– Viktig signal
– Det sender eit viktig signal at generalsekretæren kjem tilbake til Svalbard. Ingen andre stader i verda ser me klimaendringane så tydeleg som i Arktis. Det er naudsynt emd auka politisk engasjement for å klara å koma i land med ein robust og berekraftig klimaavtale i Paris i desember, seier Brende i ei pressemelding.