Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
NTNU har ikkje eige planverk mot radikalisering, men har reagert på bekymringsmeldingar knytt til enkeltpersonar.
– Me møter desse utfordringane primært ved å ha fokus på utvikling av eit godt arbeidsmiljø for alle tilsette, og eit trygt og engasjerande studiemiljø for studentane, seier organisasjonsdirektør Ida Munkeby ved NTNU.
– Me har òg tett kontakt med politiet og andre relevante instansar.
Munkeby fortel at NTNU har rutinar og retningsliner på plass for å kunna varsla om ulike typar avvik og bekymringar, og for korleis slike varsel skal følgjast opp.
– Dette er med på å skapa ein vaken og merksam kultur, der tillit mellom kollegaer og leiarar er ein viktig faktor, seier ho. Varslingskanalar er også etablert for studentane.
Ho understrekar at universitetet arbeider systematisk med leiarutvikling og arbeidsmiljøutvikling.
– Det er heilt sentralt at leiarar og andre ressurspersonar i vår organisasjon, som verneline og tillitsvalde, er i kontakt med fag- og arbeidsmiljø, slik at me kan vera i stand til å fanga opp signal, seier organisasjonsdirektøren.
Noko eige planverk for å førebyggja radikalisering finst likevel ikkje på Noregs største universitet, med over 40 000 studenter.
– Det som kan kategoriserast som planverk for å motverke radikalisering er utforma i samanhang med studentvelferd, seier Munkeby.
– I denne samanhang kan det nemnast at SiT bolig (studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim, journ. anm) har ei prosedyre for å fanga opp mogleg radikaliserte studentar.
Munkeby stadfester at NTNU har reagert på bekymringsmeldingar knytt til enkeltpersonar, og fortel at slike meldingar har kome frå både eksternt og internt hald.