Følg med på interne utlysingar

Publisert

Det psykologiske fakultetet er inne i ei fase med store personalomstillingar. Dei andre fakulteta bur seg på liknande endringar, og nestleiar Nina Mevold ved psykologisk fakultet meiner det er viktig at administrativt tilsette nyttar seg av sjansane til å søkje internt utlyste stillingar.

- Vi starta vårt omstillingsprosjekt for tekniske og administrative tenester for eitt år sidan, og det vart bestemt å styrke fakultetsnivået på bekosting av instituttnivået, slik at vi får konsentrert kompetansen, seier Nina Mevold. Ho har vore leiar for prosjektet, og er no nestleiar ved fakultetet etter den nye organisasjonsmodellen.

To nye stillingar er allereie lyste ut i samband med omstillinga, men fekk berre nokre få søkjarar. Innan eit par veker skal i alt åtte stillingar lysast ut internt, og Mevold oppmodar teknisk-administrativt tilsette om å følgje med på utlysingssida på internett, og nytte sjansen.

- Ved vårt fakultet har vi færre faste stillingar enn det er trong for, fordi vi har hatt ein del midlertidig tilsette som ikkje kan søkje dei fleste av stillingane som no blir lyste ut. Overtallig personell er difor ikkje noko problem hos oss, men det kan sjølvsagt bli annleis ved andre fakultet, seier ho.

Meir relevante oppgåver

I omstillingsprosessen ved Det psykologisk fakultetet vil institutta miste økonomi- og personalfunksjonar, samt ein del ekspedisjonsfunksjonar. Desse funksjonane vil i staden bli samla i eigne seksjonar sentralt ved fakultetet. Eit nytt informasjonssenter vil også kreve nokre stillingar, og det same vil den nye administrasjonen for dei fire sentra ved fakultetet. Ei som har nytta høvet til å flytte på seg, er Ragnhild Bruvik Berg som no er tilsett som personalmedarbeidar ved personal- og økonomiseksjonen. Ho går frå to halve stillingar ved prosjekt Hovudfag i pedagogikk og Program for læringsforsking.

- Til no har eg arbeidd med alt frå studiesaker til sentralbord. Eg søkte stillinga som personalmedarbeidar fordi eg ville jobbe i ein større administrasjon og få litt meir avgrensa oppgåver som ligg nærare utdanninga mi, seier Berg, som har hovudfag i administrasjons- og organisasjonsvitskap.


Fokus på kompetanseheving

- Vi vonar at tiltaket med internutlysingar skal vere effektivt på lang sikt, seier personalsjef Eli Glambek. Ho karakteriserer omstillingsprosjektet ved Psykologisk fakultet som vellukka, og trur at ein kan dra nytte av erfaringane derifrå i andre situasjonar. Vidare meiner ho det er viktig å fokusere på moglegheiter framfor utryggleik i samband med omstillingane.

- Det er vanskeleg å seie om folk vil bli overtallige i denne prosessen, men i så fall må vi finne gode måtar å handtere det på i samarbeid med organisasjonane. Folk kan godt byrje å vurdere om dei vil flytte på seg eller kan tenkje seg andre arbeidsoppgåver og ny kompetanse, spesielt med tanke på at det er sett av midlar til kompetansehevande tiltak, seier ho. Sett under eitt trur ho ikkje det vil bli bruk for færre folk, men kanskje i andre oppgåver.

- Omstillingar vil bli ein del av kvardagen i oversynleg framtid. Universitetet vil bli ein meir dynamisk organisasjon enn tidlegare, og ein kan ikkje vente å ha akkurat dei same arbeidsoppgåvene år etter år.

Det medisinske fakultetet står no for tur. Der er ein i startfasen av ei større omstilling som inneber ein ny organisasjonsstruktur og omdisponering av personalressursar.

Powered by Labrador CMS