Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei tre fusjonspartnerane på Vestlandet får presentert plattforma på styremøta i dag. På Høyden rapporterer direkte.
Plattforma har vore klar i ei veke, og no skal dei tre styra få seie si meining om forhandlingsresultatet. I Sogn har eit styremedlem allereie sagt at han vil røyste mot, og studentane er framleis negative, særleg på grunn av studentvelferd og det dei meiner er for dårleg studentrepresentasjon i styret.
I Bergen, på Stord og i Haugesund bles vinden i retning fusjon, men rektorane er kanskje meir begeistra enn tilsette og studentar.
Styra ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) startar møta kl. 1000, og Høgskolen i Bergen (HiB) sitt møte tar til 1130. På Høyden dekkar møta direkte, med hovudvekt på fusjonssaka. Det er noko uklart kor lenge møta vil vare, men møtet til HiB er satt opp til kl. 1600. På Stord er saka om fusjon første ordinære sak på dagsorden, men i Sogndal kjem fusjonsplattforma til å verta handsama som siste sak. Rektor Rasmus Stokke har eit anna oppdrag først på dag. I Bergen startar styremøtet først klokka 11.30. På dagsorden står orienteringar, styret møter AL (som truleg betyr Avdeling for lærerutdanning, journ.anm) og orientering om eksternfinansiering før saka om fusjonsplattforma.
Her kan du sjå sendinga frå HSH:
Opptak/streaming frå 10:00-13:00
Opptak/streaming frå 13:00-15:00
Sendinga frå Høgskulen i Sogn og Fjordane startar klokka 12.30: