Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Havet er jokeren i klimaspelet. Bjerknessenteret dreg no i gang eit stort EU-prosjekt som skal sjå nærare på korleis havet tek opp karbondioksid.
– Etter dette oppstartsmøtet vonar eg at folk reiser heim og veit akkurat kva dei skal gjere dei neste månadene, sa professor Christoph Heinze i ein kaffipause under startmøtet for Carboocean-prosjektet. – I tillegg må vi starte med å samanlikne modellar med innsamla data, for å undersøke kvaliteten på modellane våre. Vi set også i gang med nokre eksperiment som går på biologisk respons på CO2-innhald i sjøvatn, mellom anna ved miljøstasjonen på Espegrend. CO2 blir heile tida utveksla mellom hav og atmosfære som ein del av jorda sin naturlege karbonsyklus. Tidlegare var denne utvekslinga i balanse, men med auka utslepp av menneskeskapt CO2, tek havet no opp meir CO2 enn det slepp ut i atmosfæren. Havet har kapasitet til å ta opp mykje CO2, og kan såleis avgrense oppvarminga noko. Samstundes vil havet bli surare, og dette kan få negative konsekvensar for økosystem i havet. Som fiskerinasjon har Noreg stor interesse av å få vite meir om desse konsekvensane.
Han er leiar for Bjerknessenteret si forsking på karbonkrinsløp og biogeokjemi. Bjerknessenteret har fått oppgåva som koordinator for Carboocean, eit integrert prosjekt under EU sitt sjette rammeprogram. Prosjektet har ei tidsramme på fem år og mottek i denne perioden 14,5 millionar euro. 47 forskargrupper er involverte. 2.-4. februar møttest dei i Bergen for å skyte startsskotet for programmet, og detaljplanlegget arbeidet dei næraste månadene.
– No i starten vil fokuset liggje på feltarbeid og datainnsamling. Vi må samle overflatedata for å finne ut kor havet tek opp CO2 og kor det slepp ut CO2. Til dette arbeidet får vi mellom anna hjelp frå fraktskip. Nordområda er spesielt kjenslevare, så her må vi ha gode data. Dette arbeidet er allereie i gang, fortel Heinze.
Bio-eksperiment på Espegrend
Karbondioksid er den klimagassen som har størst effekt på global oppvarming. Men omfanget av oppvarminga er sterkt avhengig av kor mykje CO2 som blir teke opp av havet. Difor er det avgjerande at ein lærer meir om dei prosessane som regulerer opptaket av CO2 i havet, og korleis endringar i CO2-innhaldet påverkar marine økosystem.
– No må vi på sett og vis skifte modus, frå å tenkje på søknaden til å faktisk byrje å gjere alt det vi har lova. Det er mykje arbeid og mange menneske som skal dra i same retning. Det kan gå bra, og det kan gå gale, men finn vi svar som avvik frå det vi ventar, vil det vere minst like spennande, meiner Heinze.
Ikkje lenger i balanse
I løpet av prosjektperioden vonar forskarane å få vite meir om korleis land, hav og atmosfære utvekslar CO2, kva rolle biomassen i havet spelar, og korleis havet si evne til å ta opp CO2 blir påverka av klimaendringar.