Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Når studentane på MN-fakultetet skulle kåre årets forelesar for 2013/2014 var det professor Pawel Jan Kosinski som gikk heilt til topps.
I vrimlearealet på realfagbygget var det stima saman mange som ville gratulere og klappe for Kosinski då prisen vart delt ut klokka 1200 på tysdag.
Høgthengande pris
Visedekan Harald Walderhaug var den som fekk lov til å overrekke prisen, men før han kom så langt kunne han fortelje at forelesingsprisen er ein ettertrakta pris.
– Dette er ein pris som heng veldig høgt blant dei vel 200 foreleserane vi har her på fakultetet. Ikkje minst fordi nominering av kandidatar og utvelgelse av vinnar skjer i regi av dei som kanskje har aller beste greie på studiekvalitet, nemleg studentane sjølve, sa visedekan Harald Walderhaug.
Genuint interessert
Det er ein komité som er sett ned av Realistutvalet som plukkar ut vinnaren etter å ha gått igjennom forslag frå fagutvala på institutta. Kosinski er professor på institutt for fysikk og teknologi og fekk prisen for sin jobb som forelesar i fluidmekanikk og varmeoverføring (PTEK202).
– Pawel Kosinski er genuint interessert, og ikkje minst glad i, faget han foreles i. Pawel er særdeles engasjert, sprudlande og tilstade i forelesingane han held, noko som smittar over på studentane, las Walderhaug opp frå juryen si vurdering.
Vidare skreiv også juryen følgjande:
<<Han snakkar tydeleg, i passe tempo og med ein ordbruk alle kan forstå. I forelesingane er han svært strukturert, og han byrjar kvar forelesing med oppsummering av førre forelesing, samt punktvis kva som skal gjennomgåast i dagens forelesing. Dette gjer det lett for studentane å <<hoppe inn>> i forelesingane dersom dei har hatt fråvær, og det gjev god motivasjon til å følgje med ettersom ein veit kva ein driv med, og kva ein skal lære i løpet av dei neste to timane. >>
– På toppen av det heile er Pavel ein fantastisk blid og hyggjeleg mann. Om han nokon gong har hatt ein dårleg dag på jobben har han i alle fall ikkje vist det på forelesingar eller i møte med studentane. Vi håpar at andre forelesarar føl i hans fotspor, avslutta Walderhaug med før det dei frammøtte studentane gratulerte prisvinnaren med stor applaus.
(Artikkelen held fram under biletet)
Det var mange som hadde møtt fram i vrimlearealet på realfagsbygget for å få med seg utdelinga av prisen årets forelesar. Foto: Ingvild Festervoll Melien.
– Nesten som å vere student igjen
Prisvinnaren sjølv sa at han var overraska over at det var han som stakk av med sigeren når det var så mange andre flinke forelesarar på fakultetet. Han innrømte også at det hadde vore litt spesielt å vere nominert.
– Eg er jo ikkje så van med å bli vurdert. Det er jo eg som lagar eksamensoppgåvene, men plutseleg er det omvendt og det er eg som vert vurdert. Det er nesten litt som å vere student igjen, derfor er det veldig kjekt at eg klarte å bestå denne <<eksamenen>>, sa Kosinski før han fekk blomar, diplom og ein sjekk på 30.000 kroner.
Prisvinnaren passa også på å skryte av studentane sine.
– Eg har vore heldig i det siste, for å kunne ha ei god forelesing må du også ha engasjerte studentar som likar å vere aktive og å delta i undervisinga. Sånn sett deler eg prisen med dei, sa Kosinski.
Leiar for Realistutvalet, Lars Petter Grønvigh, har sjølv ikkje hatt Kosinski som forelesar, men har fått mange gode tilbakemeldingar på han frå andre studentar.
– I matematikken er det til dømes mykje vanskelege formlar, og då set han opp dei viktige reglane på sida av tavla før han går vidare. Han repeterer også ting undervegs, og det trur eg er veldig viktig for at studentane skal kunne henge med, fortel Grønvigh.
Nettopp det med å følgje opp studentane undervegs er noko Kosinski legg stor vekt på når han har forelesing.
– Eg kan ikkje forvente at alle skal hugse alt eg seier, så eg prøvar å passe på at når dei går frå timen så har dei fått med seg gode notat. Alt som er viktig skriv eg også på tavla, seier Kosinski.
Mest kjekt, litt stress
Samstundes som det er kjekt å få ein slik pris så innrømmer Kosinski også at det er vert lagt litt press på han.
– Det litt skræmande å få ein slik pris for no vil kanskje fleire forvente meir av meg. Det er jo ein motivasjon så klart, men samtidig kanskje litt stressande, seier prisvinnaren og ler.
Det var 19. gongen denne prisen vart delt ut og det var tredje gongen den gikk til ein foreleser på institutt for fysikk og teknologi.