Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Med fiskestong, fluger og vadebukser står ein høgreist kar, og han er klar. Ikkje for laksefiske, men for Forskar grand prix.
Inne i Kultursalen på HiB kan ein tydeleg kjenne på spenninga. Ni forskarar med ulikt fagfelt skal om berre nokre timar presentere si forsking for publikum og dommarar. No er det generalprøve.
Utanfor komfortsona
Det er tydeleg å sjå at ein del av deltakarane er utanfor komfortsona. Å skulle presentere si eiga forsking er kanskje ikkje så uvanleg, men akkurat dette er dei ikkje vande med å gjere til dagleg, i alle fall ikkje når dei må fortelje om eit så stort prosjekt, på så kort tid.
– Kan vi få alle deltakarane opp på scena? Fint! Då må dokke stå der, og når de blir ropt fram tek de eit steg fram slik at publikum ser dykk, ropar ein svartkledd mann som prøvar å halde orden på gangen i det heile.
Ein etter ein kjem dei fram for å gå over presentasjonen sin ein siste gong, før det verkeleg gjeld. Snart er det mannen med fiskestong og vadestøvlar, Florian Sambraus sin tur. Han representerar Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Havforskingsinstituttet.
Kunsten å begeistre med oppdrettslaks
Når Florian i kveld går på scena har han berre fire minutt på å klare å engasjere og begeistre ein fullsatt sal og eit dommarpanel, som begge er med på å bestemme kven som går vidare, og Florian skal begeistre med oppdrettslaks.
– Det handlar om steril laks brukt i oppdrett. Grunnen til at ein ynskjer ein steril oppdrettslaks er at dersom den skulle rømme vil den ikkje kunne formere seg med vanleg villaks, noko som vanlegvis vil redusere kvaliteten på villaksen. Diverre ser ein ofte ulike problem med denne sterile laksen. Mi forsking går ut på å løyse desse problema, fortel ein tydeleg engasjert Florian.
Men så var det det å skulle presentere dette materiale for eit publikum og dommarpanel, som kanskje ikkje kan like mykje om dette, og kanskje ikkje kan like mange faguttrykk som ein forskar normalt brukar kvar dag.
– Det er vanskeleg å skulle presentere dette på så kort tid, og ein må heile tida ha i bakhovudet at publikum i stor grad ikkje tilhøyrer forskingsmiljøet. Ein må kanskje vere litt populærvitskapleg, gjere det enkelt, men også interessant, seier Florian.
Henta ideen frå Danmark
Men dei ni kandidatane vert ikkje kasta ut på ei scene utan vidare. Gunn Janne Myrseth er ein av dei som har vore der for å <<coache>> forskarane. Og Myrseth har vore med heilt frå starten av Forsker Grand Prix.
– Vi reiste til Danmark og såg korleis dei gjorde det der, kom heim og lagde ein versjon for Bergen og for Norge, som faktisk har vorte enda meir avansert enn det dei gjorde i Danmark.
Dei fem åra Forsker grand prix har vorte arrangert i Bergen har det vore hennar oppgåve å hjelpe dei ulike kandidatane til å best mogleg formidle sitt innhald.
– Det er ein morosam og spanande jobb, men den kan også vere utfordrande og frustrerande. Eg vil jo så gjerne at dei skal vere så populærvitskaplege som mogleg, men det er ikkje alle forskarar som ynskjer å vere det i like stor grad, fortel Myrseth.
(Artikkelen held fram under biletet)
Gunn Janne Myrseth har i veksesvis gjort sitt for å gjere forskarane tryggare og betre på scena. Her saman med Florian Sambraus. Foto: Knut Egil Wang
Jantelova i akademia
Men Myrseth har i alle fall prøvd å få dei til å verte det. Heilt sidan juni har dei møttest med jamne mellomrom og sidan august har dei møttest kvar torsdag.
– Det er ikkje alltid lett å få forskarar til å forstå at historia deira må bakast om. Det må vere ei lettsmakeleg kake og ikkje ei tung fyrstekake som du fekk servert heime hjå bestemor. Då er det om å gjere å skrelle vekk det vanskelegaste, få dei til å gje av seg sjølve, lage bilete og samstundes få fram kunnskapen, seier Myrseth.
Det er ikkje alltid så lett å få til. Mange år i akademia set sine spor hos dei fleste, fortel coachen.
– Utfordringa er at dei har gått lenge i akademia. Der legg ein alt for lita vekt på historiefortelling, om du spør meg. Det går an å bruke journalistiske verkty og verkty frå teaterscena utan å verte useriøs, men det er ganske tungt å få fram. Akademia er litt <<jantete>>. Du skal ikkje vere annleis enn dei andre og dersom alle professorane er kjedelege… ja, då seier det seg sjølv korleis det kan bli.
– Så dei som skal konkurrere i kveld er rett og slett litt redde for å skilje seg ut og vise seg fram?
– Eg trur mange av dei er redde for at kollegaer skal kome å seie at her er det ikkje nok vitskaplege fakta, men då seier eg: Drit i det! Det vitskapelege kan du ta att i ein artikkel som du publiserer i <<the scientific eitt eller anna>>, seier Myrseth før ho vender ansiktet mot scena for ei siste oppfordring til kandidatane før pausen.
Små rosiner og store soler
Det har blitt kveld og det nærmar seg konkurransetid. I det nye høgskulebygget går praten høglydt mellom dei fleire hundre frammøtte. Det vert skåla i velkomstdrikke og mange har med seg effektar som tydeleg syner kven DEI skal heie på i kveld. Men kvar er kandidatane sjølve?
Litt lenger bak i gangen, litt gøymd bak ein stor murvegg står dei.
– Kom igjen! Små rosiner no! Bra! Så lagar vi ei stor sol, seier teaterinstruktør Ingvill Rosenlund.
Dei ni kandidatane føl instruksjonane og lagar ein bitte liten samanknipen munn, lita rosin, og føl etter med å gape så høgt dei kan, stor sol.
– Dersom nokon av dykk er nervøse no før de skal på, gå mot ein vegg og prøv å <<skubbe>> den, det gjer at kroppen slappar meir av. Og hugs at de alle er vinnarar i kveld. Uansett resultat, seier Rosenlund.
Florian Sambraus skubbar mot veggen, og sjølv om han ikkje ser så nervøs ut, så er det tydeleg at han har nokre tankar om det han snart skal vere med på.
– Eg trur ingen av oss her er ekspertar i å stå på ei scene. Eg har øvd på min presentasjon på kontoret fleire gonger, og stort sett har det gått bra, men eg trur det vert annleis no som det er eit publikum til stades, lyskastarar og kamera.
Florian, som kjem frå Tyskland, har ei anna, lita bekymring også før han går på. Han skal halde sin presentasjon på engelsk.
– Eg håpar folk forstår og at eg ikkje misser dei undervegs. Dersom det kjem ei setning dei ikkje høyrer etter på eller får med seg, så forstår dei kanskje ikkje konteksten av neste setning.
Så går kandidatane bak scena, lyset i salen vert skrudd av og det er klart for Forsker grand prix.
Forsker grand prix from På Høyden on Vimeo.
Mentometerknappar og dommartavler
Ein etter ein kjem kandidatane fram og presenterer si forsking. Alt frå samanhengen mellom legemiddelbruk og hoftebrot, til kveis-infisert fisk og luftforureining.
Ein etter ein vert dei bedømt, både av publikum, som har fått utdelt mentometerknappar, og av ein jury beståande av redaktør i BT, Gard Steiro, komikar og skodespelar, Christine Hope, og Edel O. Elvevoll som er dekan for biovitskap, fiskeri og økonomi ved UiT. Saman vil publikum og jury bestemme kva slags tre kandidatar som går vidare til finalomgangen i Bergen.
I tillegg har juryen eit såkalla <<Wild card>> dei kan gje til ein av kandidatane. Desse fire vil få ytterlegare seks nye minutt før publikum og jury nok ein gong stemmer og sender to av dei vidare til finalen i Oslo.
Frå vadebukser til forskingsfrakk
Iført fult fiskeutstyr, med ei fiskestong i eine handa og ein laks i den andre, går Florian på scena, til stor begeistring frå dei frammøtte. Han veit at det er no det gjeld. På berre fire minutt må han prestere og engasjere. So far, so good.
– Oppdrettslaks er veldig viktig for dykk i Noreg. I fjor eksporterte de nesten ein million tonn, med ein verdi på nesten 40 milliardar kroner. Ein viktig del av norsk økonomi. Likevel rømer over 500 000 oppdrettslaks, og denne laksen er ein trugsel for villaksbestanden dersom dei to formerar seg. Men kva om vi steriliserer oppdrettslaksen, spør Florian?
Så tek han på seg ein kvit frakk. Det er her forskingsarbeidet hans kjem inn i biletet og Florian har ikkje mange minutta på å fortelje det han har kome fram på. Midtvegs låser det seg litt før han får henta seg inn, men han fullfører presentasjonen, rikt illustrert med bilete og effektar, før tida er ute.
Publikum trykker på mentometerknappane sine og dommarane gir sine poeng. Av 18 moglege poeng frå dommarane får Florian 15. Så spørs det om publikum har premiert han i stor nok grad til at han går vidare. Det får han fyrst vite etter pausen.
(Artikkelen held fram under biletet)
Florian Sambraus går over sin presentasjon ein siste gong før han skal i elden. Foto: Knut Egil Wang
– Ein fantastisk progresjon
Bak scena er kandidatane spente. Dei veit alle korleis poenga frå dommarane vart, men kva med publikum?
– Eg trur det gikk bra, og eg håpar publikum likte både rekvisittane mine og måten eg la fram forskinga mi på, seier Florian.
Ei som i alle fall er nøgd med Florian og dei andre er coachen Gunn Janne Myrseth.
– Florian har verkeleg løfta seg! Han gikk heilt inn i rolla som laksefiskar og han gav full gass. Eg vil seie det har vore ein fantastisk progresjon på alle kandidatane.
Om det ikkje skulle gå heile vegen så er Florian uansett nøgd med kvelden.
– Konkurransen er hard og alle vil til Oslo. Det vil sjølvsagt eg også, men det har uansett vore fint å få vise min presentasjon for eit publikum.
Kven går vidare til finaleomgangen?
Det er klart for å avsløre kven som går vidare til finaleomgangen. Juryen og publikum sine stemmer er lagt saman og ein etter ein vert dei ropt opp.
Audun Havnen, Marit Stordal Bakken og Erik Knudsen. Siste sjansen for Florian er no at dommarane sender han vidare med sitt <<wild card>>. Det gjer dei.
Så er det på an igjen. Dei fire forskarane har no seks nye minutt på seg til å begeistre dommarar og publikum. Endeleg tid til å få kunne gå litt meir i djupna av det dei har arbeida så mykje og så hardt med. Og alle nyttar dei tida godt.
Det trykkast på mentometerknappar og dommarane kjem med sine kommentarar og poeng. Ein raud konvolutt vert levert til programleiar som kan avsløre kven som vinn det heile og kven som vert nummer to, men som også får vere med til finalen Oslo.
Florian vert nummer to, bak Audun Havnen som er den som har fått flest stemmer. Andreplassen til tross, det er ikkje eit glimt av skuffelse å spore hjå Florian.
– Det gikk overraskande bra på den siste presentasjonen og no skal eg til Oslo! Eg har lært så mykje av å vere med på dette, både frå kollegaer på Havforskingsinstituttet og dei eg har konkurrert med her.
– Og så har du kanskje lært å bli ein betre formidlar av kunnskap også?
– Absolutt. Det er litt som å køyre bil, du blir betre og betre for kvar gong du gjer det. Kanskje klarer eg å gjere det enda betre i Oslo.
Finalen i Forsker grand prix går av stabelen 27. september i Oslo.
For meir informasjon om Forsker grand prix og dei ulike kandidatane og deira forsking kan du sjå denne nettsida.