Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Silja Torvik Griffiths har forska på hjernen til ekstremt fortidlegfødde barn. Laurdag imponerte ho dommarane i Forskar Grand Prix, og vann pokalen for god forskingsformidling.
Silja Torvik Griffiths er doktogradsstipendiat ved Universitetet i Bergen og assistentlege ved Barneklinikken på Haukeland universitetssjukehus. Laurdag blei ho også vinnar av Forskar Grand Prix.
Ti forskarar var med i Forskar Grand Prix. Fire gjekk til finalerunden. Og Silja vann.
– Eg hadde ikkje trudd eg skulle vinne, men det var kjempegøy, seier Silja Torvik Griffiths til Helse Bergen sine nettsider.
Barn på under ein kilo
– Eg trur eg vann fordi eg har eit tema som det er lett å engasjere publikum med, og eg prøvde å forklare det på ein enkel måte, sa Silja Torvik Griffiths då På Høyden intervjua henne etter den første delfinalen.
Ho har forska på hjernen hos barn som er fødde før veke 28 eller som var mindre enn 1000 gram då dei kom til verda. Kva ho fann ut kan du lese her.
–Dette var svært overtydande og rørande. Du er trygg og engasjert, og då kjem bodskapen tydeleg fram, sa dommar Ellen Horn ifølge Helsebergen.no.
Den gjeve pokalen blei overrakt av kunnskapsminister Kristin Halvorsen.