Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Som tillitsvald i Forskarforbundet har Bjarne Meidell leia streikar og løyst konfliktar. Men han har også beisa universitetshyller, skrive bok om tusenbein og leita etter det bortkomne hornet til eit nashorn.
No ryddar Bjarne Meidell kontoret.
I handa held han Foreningen av vitenskapelige tjenestemenn ved Bergens Museum si rekneskapsbok for åra 1939 til 1974.
– Sjå. Her står det at Fægri, Mosby og Hygen alle har betalt kontingenten sin. To kroner i året kosta det i 1939. Det er mykje universitetshistorie å lese ut frå rekneskapen, seier han.
Meir litteratur, mindre NOU
Bjarne Meidell har vore med i styret i Forskarforbundet i Bergen sidan 1974. I mars i år gjekk han ut av styret, og første oktober vart han pensjonist.
– No har eg hatt nokre dagar som pensjonist. Det er greitt, det. Eg har ikkje noko problem med å vere pensjonist, seier Bjarne Meidell.
– Kva vil du bruke meir tid på framover?
– Det er rart, men jo eldre ein blir, jo meir interessert blir ein i å gå inn i historia. Eg er glad i slektsforsking, og eg er ein lidenskapleg kryssordløyser. Dei siste åra har eg lese lite utanom trykksaker frå departementa. Eg vil gjerne utvide litteraturhorisonten min, seier Meidell.
Hyllebeising og nashornmysterier
I 1967 blei Bjarne Meidell tilsett som vitskapleg assistent ved UiB.
– Vitskapleg assistent-tida blei mellom anna brukt til å beise bokyller. Vi gjekk rundt i svime og beisa hyllene i ein mellomgang mellom sørfløyen og midtbygget i andre etasje i det som i dag heiter Dei naturhistoriske samlingar, seier Meidell.
– Kvar var verneombod og HMS-ansvarleg?
– Dei fantes nok ikkje den gongen. Men det var trivelege tider.
I 1972 tok han hovudfagseksamen om norske myriapoders taksonomi og dyregeografi, med fordjuping i myriapodefaunaen i ytre områder av Hardangerfjorden. Etter dette fekk han jobb som universitetslektor.
Lang kamp for dei mellombelse
Bjarne Meidell underviste fram til 2007. Dei siste seks åra har han vore tillitsvald på heiltid.
– Har du hatt nokre hjartebarn blant medlemmane?
– Dei som vert utnytta. Nokre av medlemmane meiner eg har vore brukt av institutta. Dei har arbeidd i ulike stillingsprosentar som er så lave at dei manglar rettar i systemet. Dei får til dømes ikkje lån i Statens Pensjonskasse, og må vente med å kjøpe bustad eller legge andre langsiktige planar. Vi ser at nokre av dei tilsette har vore ønska av instituttet dei har arbeidd ved, men dei blir ikkje fast tilsett. Nokre av desse har vi klart å gjere noko for. Men vi har ikkje lukkast i alle sakene, seier Meidell, og legg til:
– Mellombelse tilsetting er ikkje ein rekrutteringsmetode UiB bør bruke.
– Har leiinga hatt same mål som dykk?
– Ja. Men nokre av måla har vi litt ulike tilnærmingar til, seier Meidell.
– Fleire av sakene som handlar om mellombelse tilsettingar har også nådd media. Korleis handterer du det?
– Personalsaker bør ikkje bli spreidde for mykje ut. Konfidensialitet er ein fordel for alle.
Omsorg for mångfotingane
Spesielt har han forska på dei flatrygga tusenbeina. Men også langbein, børstehalar, saksedyr, isopoder og kakerlakkar har fenga Meidell.
– Ein medstudent spesialiserte seg på snigl. Eg var på leiting etter ei gruppe dyr eg kunne lære meg opp i. Då fekk eg høyre av Hans Kauri at tusenbein, det var det ingen som hadde jobba med sidan 1910. Eg måtte starte frå botnen. Eg fekk ei bok, og starta å telje bein. Så gjekk eg ut i hagen der eg budde på hybel på Fantoftneset, og starta å samle. Berre i hagen fann eg fire nye artar for Noreg, seier Meidell.
Tusenbeina skulle følgje Bjarne Meidell vidare i forskarkarriera.
I 2005 arrangerte han, med støtte frå universitetet, Den 13. internasjonale kongress for myriapodologi med over 60 deltakarar frå heile verda.
I boka «Mångfotingar» frå 2006 blir kvar art skilt frå dei andre. I alt 49 artar har Meidell klassifisert i boka. Han hadde ansvar for dei ekte tusenbeina, mens skolopendrar og anna blei dekt av svenske forskarar. Dette var andre del av ei storsatsing på å skildre dyre- og plantelivet i Sverige.
I 1985 tok han ansvaret for etableringa av prosjektsamlinga ved Zoologisk museum, ei samling på 370 000 prøver. Seinare vart han norsk representant i Nordisk kodesentral. Han har også representert dei naturhistoriske musea i dåverande Miljøverndepartementet si miljødatasamordning.
– Nokon utdannar lærarane
I åra 1990 til 2000 var Meidell leiar i Norske Naturhistoriske Museers Landsforbund (NNML).
– Det har blitt mye skrivebordsarbeid, men av alt eg har hatt fingrane i har feltkurs alltid vore det kjekkaste. Det er fint å kome seg ut i naturen og samle insekt, sniglar og tusenbein saman med engasjerte studentar. I desse dagar er det mykje snakk om lærarløftet. Eg skulle ønske myndigheitene hugsa på at nokon utdannar lærarane også, seier Meidell.
Bjarne Meidell har også rukke å vere styreleiar ved Zoologisk museum. Som styrar oppdaga han at nokon stal hornet frå nasa til nashornet. Hornet hadde blitt saga av, og erstatta med eit falskt horn i plastelina. Saka vakte stor oppsikt, men vart aldri løyst.
– Full fyr
– Med ujamne mellomrom kjem likevel steile personkonfliktar til overflata. UiB kan verke som ein arbeidsplass der konfliktar kan utarte seg utan at nokon grip inn?
– Ja, og vi er gjerne dei som kjem sist på bana. Då står gjerne konflikten i full fyr, seier Bjarne Meidell.
Han har fått god trening i å ta eit steg bakover, trekke pusten og roe ned.
– Det er viktig å halde seg roleg. Når vi arbeider med vanskelege saker er vi som regel fleire tillitsvalde som kjenner saka. Då har ein nokon å bearbeide stoffet med. Og det er ikkje alltid våre medlemmar har rett. For å seie det slik, seier Meidell.
– Kva kjem du absolutt ikkje til å sakne?
– Eg merkar det det blir godt å få avstand til ein del konfliktar. Det blir godt å få dei ut av systemet.
– I det store og heile har vi hatt det bra her i Bergen. Berre to gonger har det vore streik. Slik sett har vi ikkje vore til mykje bryderi for leiinga, seier Bjarne Meidell.