Marina Warner seier ho vil undersøkja om ho kan bruka prispengane til kulturbevarande tiltak blant flyktningar og migantar.

Holbergprisen til Marina Warner

Publisert

Den britiske forskaren og forfattaren Marina Warner får årets Holbergpris.

Britiske Marina Warner får årets Holbergpris. Det kunngjorde Holbergprisen sin styreleiar, Sigmund Grønmo, like etter klokka 9 torsdag. Warner er forskar, forfattar og kritikar, og får prisen for arbeidet ho har gjort med analysar av korleis eventyr og mytar vert omforma og endra for å forhandla med samtida vår.

Vil forska på det som er oversett
– Warner er ein svært interessant prisvinnar, med ein brei og allsidig bakgrunn. Ho er merittert, prisløna og svært anerkjent både som akademikar og forfattar. Med særleg vekt på folk sine førestellingar og fortljinga kombinerer ho fleire forskingsfelt og arbeider på tvert av disiplinar og kulturar, seier Grønmo i ei pressemelding frå Holbergprisen.

I same pressemelding seier Warner sjølv at ho har prøvd å utforska kjende, men ofte oversette, uttrykksformer som historier og folkelegsymbolikk for å forstå interaksjonen mellom kultur og etikk.

– Denne prisen gir meg og forskarkollegane mine ei fantastisk og også overraskande oppmuntring, seier Warner.

Den første boka ho ga ut, “Alone of all her sex: The Myth and the Cult of Virgin Mary”, viser Warner korleis kulturen rundt og bieltet av jomfru Maria har avgrensa kvinner sine rettar og sjølvforståing. Andre kjende bøker er “Joan of Arc: The Image of Female Heroism” og “Stranger Magic: Charmed States and the Arabian Night”. Warner har fått fleire prisar.

Klim-pris til dansk forskar
Nils Klim-prisen, som er prisen for yngre forskarar, går i år til danske Rebecca Adler-nissen. Ho er førsteamanuensis ved Institut for Statskundskab ved Københavns Universitet, og forskar på internasjonal politikk. Ho forskar særleg på EU og på forholdet mellom medlemsstatane, og ser mellom anna nærare på dei politiske aspekta ved eurosamarbeidet.

Utdeling i juni
Offentleggjeringa av prisen skjedde i år på heimebana til humanistane ved UiB: Bibliotek for humaniora. Sjølve utdelinga skjer i Håkonshallen 10. juni.

Holbergprisen blir i år delt ut for ellevte gong, og prisen blir ofte framstilt som ein <<nobelpris>> innan samfunnsvitskap, teologi, juss og humaniora, for å løfte fram desse faga. Universitetet i Bergen har fått i oppgåve å administrere prisen, mens forskarklubben Det Norske Vitenskaps-Akademi har fått i oppgåve å dele ut Abelprisen i matematikk. 

 

Utdelinga er no avslutta. Men her kan du sjå utdelinga i opptak. Programmet byrjar først 06.30 minutt inn i opptaket. 

Styreleiar for Holbergprisen, Sigmund Grønmo, offentleggjer i dag kven som får Holbergprisen for 2015. Offentleggjeringa skjer på Bibliotek for humaniora kl. 0900. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Holbergprisen

  • Holbergs internasjonale minnepris blir kvart år delt ut til forskarar som har gitt framifrå bidrag til humaniora, samfunnsvitskap, teologi og juss. Vinnaren skal på avgjerande måte ha påvirka internasjonal forsking på sitt felt, til dømes ved utvikling av ny teori. 
  • Prisen på 4,5 millionar kroner blei oppretta av Stortinget 1. juli 2003. Han er finansiert over statsbudsjettet, men blir administrert av Universitetet i Bergen, og delt ut i Håkonshallen i byrjinga av juni.
  • Vitskapleg tilsette ved universitet, høgskular og forskingsinstitutt kan nominere kandidatar til prisen. Ein fagkomité lagar deretter ei kortliste av kandidatar, og det blir henta inn uavhengige vurderingar. Fagkomiteen innstillar til styret for Holbergprisen, som tildelar prisen. 
  • Holbergprisen i skolen blir delt ut same dag, og går til det beste forskingsprosjektet innan dei same fagområda som hovudprisen. Det blir òg delt ut ein lærarpris. 

Prisvinnarane: 

Nils Klim-prisen

  • Nils Klim-prisen delast ut til nordiske forskarar under 35 år, som har gitt framifrå bidrag til forskinga innan humaniora, samfunnsvitskap, teologi og juss, eller tverrfaglege bidrag. 
  • Prisen er no på 300 000 kroner, og blei for første gong delt ut i 2004. 

Dette er dei tidlegare prisvinnarane: 

  • 2016 Sanja Bogojević
  • 2015 Rebecca Adler-Nissen
  • ​2014 Terje Lohndal
  • 2013 Ingvild Almås
  • 2012 Sara Hobolt
  • 2011 Jørn R. T. Jacobsen
  • 2010 Johan Östling
  • 2009 David Bloch
  • 2008 Anne Birgitta Pessi
  • 2007 Carina Keskitalo
  • 2006 Linda Wedlin
  • 2005 Dag Trygve Truslew Haug
  • 2004 Claes de Vreese
Powered by Labrador CMS