Rektor og Meltzer-vinnarane. Frå venstre Gunnstein Akselberg, Maja Janmyr, Dag Rune Olsen, Michal Pilipczuk og Kenneth Hugdahl. Foto: Thor Brødreskift.

Her er vinnarane

Maja Janmyr og Michał Pilipczuk fekk Meltzer-prisen for unge forskarar. Gunnstein Akselberg fekk prisen for framifrå formidling. Den største prisen gjekk likevel til Kenneth Hugdahl.

Professor Kenneth Hugdahl vart fredag heidra med Meltzerfondet sin ærespris. Prisen vert delt ut kvart femte år, og går til forskarar som har drive framifrå vitskapleg arbeid ved UiB. Tidlegare har forskarar som Kari Wærness, Bjarne Iversen, Holger Ursin og Gunnar Skirbekk blitt tildelt prisen, melder UiB Aktuelt.

– Det å bli sett pris på av sine eigne gjer denne prisen heilt spesiell for meg. Av dei prisane og utmerkingane eg har fått før er nok denne den eg set høgast, seier Kenneth Hugdahl til UiB Aktuelt.

Vil løyse hallusinasjonsgåte
Hugdahl deler gjerne noko av æra med dei han har samarbeida med

– Det står svært mange andre bak ein slik pris: Doktorandar, postdocs, forskingsassistentar og – teknikarar har hatt svært mykje å seia for forskinga, og ikkje minst alle dei pasientane og friske som frivillig har stilt opp for forskinga.

Hugdahl har i ei årrekke vore tilknytta UiB. Han har i fleire år leia nybrottsarbeidet som har blitt gjort på hjerneforsking i fMRI-gruppa i Bergen. Gruppa har fått ERC-midlar for å forske på høyrselhallusinasjonar. Frå 2013 er Hugdahl er av kjerneforskarane i ein SFF om psykosar, koordinert frå UiO.

– Eg har ikkje så mange år att før eg skal pensjonere meg, seier Hugdahl til UiB Aktuelt.

Men før han blir pensjonist vil han gjerne finne ut kva det er som skjer i menneskehjernen når vi høyrer stemmer som ikkje finst i den verkelege verda.

– Om vi kan forstå det og kva som skapar den opplevinga kan vi skapa nye behandlingsmetodar og kanskje medisinar for å løyse dette, seier Hugdahl til UiB Aktuelt.

Framifrå om Vestlandet
Vinnaren av Meltzerfondets pris for framifrå formidling gjekk i år til Gunnstein Akselberg.

Han får prisen for sitt framifrå arbeid somføredragshaldar og forfattar. Han blir også rosa for at han på glitrande vis formidlar kunnskap til vestlendingar om deira eigen landsdel.

Prisa yngre forskarar
Kvart år får to yngre og lovande forskarar den prestisjefylte Meltzerprisen. I år vart Maja Janmyr, forskar ved det juridiske fakultet, heidra for det vitskaplege arbeidet ho har gjort. Janmyr har mellom anna blitt lagt merke til internasjonalt for ph.d.-avhandlinga si om sivile i flyktningeleirar sitt rettsvern.

Michal Pilipczuk har doktorgrad frå UiB samt to mastergrader i matematikk og informatikk frå Warszawa. Fredag fekk han også Meltzerprisen for yngre forskarar. Pilipczuk får ros for å ha drive forsking med både breidde, djupne og omfang av eineståande kvalitet.

Powered by Labrador CMS