Trolsk stemning hos Sabvabaa, opplyst at lyskastere og en nordlig måne. Foto: Sabvabaa

God jul frå Sabvabaa på Nordpolen!

Publisert

Dagens nisse er UiBs nordlegaste forskar: Yngve Kristoffersen. Sjølv om det er kort veg til Nordpolen, har dei fått 16 pakkar sleppt ut frå eit norsk Orion-fly.

Yngve tilbringer jula 2014 – og kanskje 2015 – i luftputebåten Sabvabaa i drift i ishavet, saman med Audun Tholfsen på ekspedisjonen Fram 2014/15, i regi av Nansensenteret.

– Vi har nettopp fått flyslepp frå eit Orion-fly. 16 pakkar ligg ute i snøen og ventar. Dei viktigaste er telt, varmeomnar og diverse reservedelar, pluss fersk torsk til min tradisjonelle middag på 73-årsdagen, som var i går, fortel Yngve til På Høyden.

Sjå biletserie frå Nordpolen

Tom for vottar
I tillegg har dei fått ny forsyning av vottar for ekstremt kalde temperaturar. Det er rundt 30 minusgrader ved Nordpolen for tida, og tomannsekspedisjonen har hatt så mykje å gjere at dei har slitt ut mange par.

Hangar delt i to
I løpet av hausten har isen der den gamle leiren låg slått sprekker, og dei har vore nøydde til å flytte leiren. Det har gitt mengder av ekstraarbeid, i tillegg til vitskaplege observasjonar dei gjer kontinuerleg undervegs. Hangaren av isblokker dei hadde bygd til luftputebåten fekk ei brei sprekk midt i, og utstyret måtte reddast.

Sauna på Nordpolen
Ekspedisjonen gjer bruk av fleire banebrytande måtar å samle inn sedimentprøver og andre vitskaplege data på, og dei er i praksis både ingeniørar og sjauarar, i tillegg til det vitskaplege arbeidet. Eit av dei siste prosjekta er Auduns «sauna» med dusj, nesten som heime.

Rev og russarar
Ekspedisjonen har òg fått besøk: Ein polarrev har halde til kring leiren i fleire veker, og har til og med vore gjenstand for dyreforsøk: I eit forsøk på å få nærbilete av reven ved hjelp av eggeskal fylt med olivenolje, stakk reven i staden av med kameraet. Den vitskaplege ekspedisjonen konkluderte med at revar likar kamera betre enn olivenolje.

Det andre uventa besøket var ein ubåt, truleg russisk, som stakk tårnet opp eit stykke unna 16. oktober. Men då dei to gjekk nærare ubåten, dykka han under igjen.

Og så til dei tradisjonelle julekalender-spørsmåla til På Høyden:

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
– Å oppleve stilla i juledagane.

– Er det noko julestemning på Nordpolen?
– Vi har både snø, is og stille.

– Kva ynskjer du deg til jul?
– At vi eingong skjønner at krig ikkje løyser problema.

– Kva ynskje har du for UiB i det nye året?
– At forskarane ved UiB skjønner kor priviligerte dei er og blir betre til å tenkje nytt, og mindre drive «plankekøyring».

Dagens spørsmål: Ser vi månen ved Nordpolen julaften?

Følg ekspedisjonen på bloggen deira! (Innlogging)

Send svaret til tips@pahoyden.no. Dagens spørsmål må me ha svar på innan 2. januar klokka 10. Då er du med i trekninga av ei øskje med utsøkt sjokolade, som kan hentast hos oss i Christies gate 13.

Powered by Labrador CMS