Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Overgangen frå Uni Global til UiB Global vart ikkje slik den burde, men no er det viktig å sjå framover, meiner Tore Sætersdal, som er ny konstituert leiar i UiB Global.
Sætersdal er arkeolog og har jobba i Afrika i mange år. Han tok hovudfag med feltarbeid i Tanzania og doktorgrad med feltarbeid i Mosambik og Zimbabwe. Han har jobba på Senter for utviklingsstudier og seinare kom han inn i vassforsking og vart leiar for Nilen-programmet (Nile basin research programme).
Siste halvanna året før han tok til som leiar for UiB-Global var han ute i permisjon og var då instituttstyrar ved Høgskulen i Telemark. Tidlegare leiar, professor Gro Lie, har gått ut i forkingspermisjon, og Sætersdal er konstituert leiar inntil utlysing av stillinga.
– Kva tek du med deg av erfaringar frå tidlegare engasjement til UiB Global?
– Eg tenkjer at eg tek med ein føling for internasjonalt samarbeid. I alle dei prosjekta eg har arbeida med ute, også innanfor arkeologi, har fleire land og institusjonar vore involverte. Jobben her på UiB Global går på å skape ein møtestad mellom disiplinar, både på UiB, men også institusjonar og kollegaer ute. Det å skape ein internasjonal møtestad er nok det eg tek med meg, seier Sætersdal.
Vil ikkje fordele skuld
Tida etter at den universitetsrelaterte delen av Uni Global vart tilbakeført til universitetet og UiB Global har ikkje berre vore ein dans på roser, men den nye leiaren ynskjer å sjå framover.
– Det var ein traumatisk overgang for dei tilsette og dei vart spreidde for alle vindar. Mange av dei verkeleg gode folka våre gikk til andre institusjonar mellom anna i Oslo, Uppsala og på CMI. Ein kunne nok ha ynskt at den prosessen hadde vore annleis, men no er det slik som det er og då er det berre å ta tak i det.
Sætersdal meiner det er lett å peike finger på kva som kunne vore gjort annleis i prosessen, men han ynskjer ikkje å gjere det. Han vil heller sjå framover.
– Vi byrjar å byggje opp prosjektporteføljen og gjer det vi kan for å få aktiviteten opp igjen. UiB Global skal vere ein møteplass for tverrvitskapeleg forsing og det er viktig. No ser vi også at gamle kollegaer ynskjer å samarbeide med oss igjen frå sine nye arbeidsplassar og vi samarbeider meir enn gjerne med dei på ulike prosjekt, fortel Sætersdal.
Spanande gruppe med fagfolk
– No byrjar vi å finne ein rytme, men vi er veldig spent på den evalueringa som har vore kring utviklingsforsking ved UiB. Framtidig struktur avhenger vel mykje av kva som kjem fram der. Samstundes har gangane byrja å verte fulle av fagfolk frå ulike fakultet. Det er ei spennande, dynamisk gruppe med fagfolk som sit her no.
– Utviklingsrelatert forsking er eit av hovudsatsingspunkta til UiB. Syner det att?
– Det er mange av oss som jobbar i dette feltet som kunne tenke seg ei enda større målretta satsing, men samstundes er det slik at utviklingsrelatert forsking er ein paraply. Mykje av det som skjer på UiB kjem inn under denne paraplyen. Nesten alle institutt og fakultet har folk som jobbar innanfor det ein kan kalle utviklingsrelatert forsking.
Vil utvikle det internasjonale samarbeidet
Akkurat no har UiB Global ei gruppe som jobbar med tusenårsmåla. Det skjer også mykje på vassforsking, og dei har fleire søknadar ute til både forskingsrådet og til andre instansar, fortel ein entusiastisk Sætersdal, som gler seg til å jobbe vidare med å utvikle UiB Global.
– No blir det viktig å utvikle det internasjonale samarbeidet samstundes som vi utviklar aktivitetane både på UiB, men også ut mot verda utanfor universitetet, avsluttar Sætersdal.