Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Rektor Dag Rune Olsen har ikkje for vane å avbryte førelesningar. Måndag gjorde han eit unntak.
I slutten av februar hadde professor Frank Aarebrot ei maratonsending på NRK, der han gjekk gjennom 200 års historie på 200 minutt. Måndag blei han påskjøna med ein sjekk på 50 000 kroner.
Om lag 230 000 tv-sjåarar følgde den lange førelesninga som blei sendt frå Kvarteret.
– Eg syns det var morosamt og engasjerande. Aarebrot byr på seg sjølv. Det er underhaldande, lett forståeleg og når ut til folk, seier Olsen.
Rektor meiner Aarebrot har profilert universitetet på ein spesielt god måte.
– Rørt
Professoren har tidlegare fått formidlingsprisen frå Universitetet i Bergen. Han blei både glad og rørt over måndagens påskjøning.
– Han kom togande inn med kjede rundt halsen. Eg skjøna jo at det var noko positivt som skulle skje. Han heldt ein vakker tale. Eg blei litt rørt, og det beste var at heile studentflokken var til stades, seier Aarebrot til Nrk.no.
Rektor Dag Rune Olsen meiner Aarebrot si formidling absolutt framifrå, og kan vere til inspirasjon for fleire.
– Det er nok mange førelesarar som har mykje å læra av Aarebrot, sjølv om vi har mange dyktige på universitetet, seier han til Nrk.no.