Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det bergenske borgarskapet har vore raust med Universitetet i Bergen (UiB). Lauritz Meltzer testamenterte formua si til universitetet dersom det blei oppretta seinast ti år etter hans død, og pressa slik fram det nye universitetet. Dette fondet er på rundt 400 millionar kroner. Trond Mohn Stiftelse forvaltar verdiar for over 2,5 milliardar kroner.
Men ei rekke mindre fond og legat delar òg ut midlar til studentar og tilsette. Tidlegare styrte UiB 64 stiftingar, men nokre av dei var så små at det kosta meir å halde dei i live enn dei kunne dele ut.
— Talet på desse er no redusert til 36, fortel universitetsdirektør Kjell Bernstrøm til På Høyden.
Det er strenge restriksjonar på kva endringar ein kan gjere i stiftingar i form av omdanning og samanslåing, men ein har no klart å redusere talet til 27 som blir forvalta av universitetsstyret, mens 9 medisinske stiftingar har eigne styre.
— Det førre universitetsstyret ba om ei omorganisering av styringa av fond og legat. Slik styring er ikkje i kjernen av kompetansefeltet til universitetsstyret, seier Bernstrøm.
Rolla til styret har for det meste vore å godkjenne årsrekneskap og liknande faste, overordna plikter, ettersom fonda har eigne komitear som tar seg av utdelinga av midla.
Omkring tre prosent av forvaltningskapitalen blir delt ut kvar år.
I sommar har UiB publisert annonsar som fortel om omlegginga, slik at etterkommarar av stiftarane kan komme med innvendingar dersom dei er ueinige i endringa.
— Det er ikkje for å slippe innvendingar at de går ut med dette midt i ferietida?
— Nei, tidspunktet var vald tilfeldig etter når arbeidet var ferdig. Men vi reknar ikkje med at det kjem innvendingar uansett.
— Kor viktig er desse fonda for universitetet?
— For studentar og forskarar er dette ein ganske unik mulegheit til å få ekstra midlar. I forhold til ein økonomi på fem milliardar kroner er det småpengar, men ekstremt viktig for einskildforskarar og studentar.