Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ei undersøkjing Universitetet i Tromsø har gjennomført blant eigne tilsette viser at over ein femtedel av forskarane ikkje har oppnådd publikasjonspoeng over ein fireårsperiode frå 2005 til 2008, ifølge Aftenposten. Samstundes produserte nesten halvparten av forskarane mindre enn eitt publikasjonspoeng i same periode.
Ei undersøkjing Universitetet i Tromsø har gjennomført blant eigne tilsette viser at over ein femtedel av forskarane ikkje har oppnådd publikasjonspoeng over ein fireårsperiode frå 2005 til 2008, ifølge Aftenposten. Samstundes produserte nesten halvparten av forskarane mindre enn eitt publikasjonspoeng i same periode. – Det er eit stort problem dersom ein relativt stor prosent av dei vi betaler for å forske de facto gjer andre ting. Det er veldig bra at UiT har utført denne undersøkjinga, seier Jan Fagerberg til Aftenposten. Han leier eit regjeringsoppnemnt ekspertutval som undersøkjer ressursbruk og resultat i offentleg finansiert forsking. Rektor ved UiT, Jarle Aarbakke, meiner at forskingsproduksonen er for låg for mange av dei vitskapleg tilsette og fortel at universitetet no er inne i ein prosess for å finne ut korleis dei kan stimulere til auka forskingsaktivitet. Universitetet i Oslo analyserer også si eiga publisering, men har ingen planar om å offentleggjere data på individnivå frå denne analysen. Gunnar Sivertsen, forskar ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning, meiner at det er liten grunn til å tru at situasjonen ved UiT er annleis enn ved andre universitet. – Forskingstida er skeivt fordelt. Men på alle nivå ser vi at nokre få publiserer mykje. Det kan henge saman med at den enkelte er i ulike faser av forskinga si i ein gjeven tidsperiode, seier han til Aftenposten.