For få vil sitja i styret

Publisert

Ved UiO kjem det til å verta kamp om plassane i universitetsstyret. Ved UiB ber leiaren i valstyret dei tilsette om å stilla. Då fristen var ute, mangla det fem namn.

To kandidatar til gruppe A. To kvinnelege kandidatar til gruppe B. Ein mannleg kandidat til gruppe C. Det var det som mangla då valstyret hadde møte tidlegare i veka. Dei skulle gå gjennom listene over nominerte kandidatar til plassane i universitetsstyret.

– Når det ikkje har kome inn forslag på mange nok kandidatar, har valstyret høve til å utvida nominasjonsfristen, seier Steinar Vagstad, som leiar valstyret.

– Still, eller få andre til å stilla
Vagstad fortel at det var kome inn nok namn til å fylla dei faste plassane i universitetsstyret. Men det er krav om både vararepresentantar og ein viss kjønnsbalanse. I valreglementet heiter det at «listen skal inneholde så mange forskjellige navn som det antall representanter og vararepresentanter som skal velges pluss tre, likevel minst fem navn».

Det heiter òg at dersom det skal veljast to eller tre medlemmer frå dei ulike valkrinsane, skal begge kjønn vera representert. Det gjeld òg varamedlemmer.

– Eg vil oppmoda dei tilsette til å anten stilla til val sjølve eller få andre til å stilla, seier Vagstad.

– No har det gått ut melding til alle fakulteta, med beskjed om at dei skal formidla vidare, og òg til fagorganisasjonane.

Sju kjempar om to plassar
Sjølve valet skjer frå 21.-28.mai. Veka før skal UiO velja medlemmer til sitt universitetsstyre. Der er situasjonen ein ganske anna: 17 kandidatar har meldt seg, skriv Uniforum. Av dei skal sju kjempa om dei to plassane for faste vitskapeleg tilsette. Åtte kandidatar ønskjer å representera dei teknisk og administrativt tilsette. Denne gruppa har, som ved UiB, ein plass i styret.

– Det plar ikkje vera vanskeleg å få dei tilsette til å stilla til val i universitetsstyret, seier Vagstad.

– Det har av og til vore vanskeleg å få mange nok vararepresentantar blant dei mellombels tilsette, men noko slikt som dette har eg aldri vore borti før.

Ny frist for å nominera kandidatar er 7. mai.

– Eg reknar med at valstyret kjem til å bestemma at dersom me då ikkje har fått mange nok kandidatar, må me gå til val med dei me har, seier Vagstad.

Studentane har allereie valt sine representantar. Heidi Fuglesang og Mathias Bratz-Queseth skal representera denne gruppa frå august.

Altfor få vil sitja rundt dette bordet dei neste åra. Valstyret har bestemt seg for å utvida nominasjonsfristen for universitetsstyremedlemmer med ei veke. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

 

 

For få vil sitja i styret

Universitetsstyret:
a) rektor
b) to representantar for fast tilsette i undervisnings- og forskarstilling (gruppe A)
c) ein representant for mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstilling (gruppe B)d) to representantar for studentane (gruppe D)
e)ein representant for teknisk og administrativt tilsette (gruppe C)
f) fire eksterne representantar

 

Powered by Labrador CMS