Førebur tømming av Studentsenteret

Publisert

I februar neste år skal Studentsenteret etter planen rivast. Mange ulike brukargrupper må innkvarterast andre stader i påvente av nybygget.

Eigedomsavdelinga jobbar no på spreng med å finne erstatningslokale til dei som blir huslause neste år.

– Vi misser det store auditoriet som tek 400 menneske, men det er sjeldan at vi har bruk for så stor plass. Vi prøver å passe førelesingane inn i dei andre auditoria vi har til rådvelde, og går ikkje det, må vi leige lokale utanfor UiB, seier avdelingsdirektør Martha Knapskog Skauge.

Studia og Kortsenteret skal innkvarterast i brakker mellom UB og Sjøfartsmuseet. Også Studvest, Studentradioen og studentdemokratiet skal få mellombels plass i brakker i nærleiken. Velferdsdivisjonen til SiB skal delvis flytte over i Villaveien 10, delvis i Jonas Reinsgate 19 saman med studentane si psykiske helseteneste.

Med rivinga av Studentsenteret vil ein stor del av kantinetilbodet til SiB falle vekk. Det er enno litt uklart korleis dette skal løysast.

– Opphavleg tenkte vi at dei andre kantinene kunne ta unna det ekstra trykket. Det er jo bygd mange fleire kantiner kringom på fakulteta etter at Studentsenteret vart bygd. Men dersom det ikkje er tilstrekkeleg, vil vi vurdere å sette opp eit kantinetelt, om vi finn ein eigna stad, seier Skauge.

Utflytting i januar

Fleire organisasjonar og lag brukar auditoria på Studentsenteret på kveldstid. Dei fleste av desse får tilbod om erstatningslokale, eller om tilskot til leige av lokale. Studentidretten ser på moglegheiter for å leige plass andre stader. I tillegg vil det bli opna eit nytt treningssenter i Christiesgate 12 neste år.

– Når det nye Studentsenteret står ferdig, vil nesten halve bygget vere til bruk for studentidretten. Vi har eit veldig godt samarbeid om planlegginga, opplyser Skauge.

Det nye Studentsenteret skulle etter planen stå ferdig i juni 2006. No ser det ut til at hovudløyvinga til bygget kjem i 2006 i staden for i 2005, slik at byggetida blir forlenga til seinhausten 2006. Dersom løyvingane kjem som lova og anboda ligg innanfor kostnadsrammene for det nye bygget, startar rivinga av dagens Studentsenter etter første februar 2005.

– Dei neste vekene kjem det til å skje mykje. Mesteparten av flyttinga vil skje i januar, men det må takast ei stor opprydding før vi startar rivinga. Ingen har heilt oversyn over alt som finst på Studentsenteret, seier Skauge.

Powered by Labrador CMS