Formidlar med glede

Romforskar Ragnhild Schrøder Hansen samlar ikkje publikasjonspoeng. Ho vil heller formidle til levande tilhøyrarar enn å skrive ein kronikk. Møt ein forskar som faktisk elskar å formidle.

– Det gir meg svært mykje å sjå ei glødande interesse i andre sine auge, og vite at det eg fortel kan fyre opp under nysgjerrigheita deira, seier romforskar Ragnhild Schrøder Hansen. Ho tek ph.d-graden ved det nyopna Birkelandsenteret, og forskar på jordiske gamma-glimt.

– Eg samlar ikkje publikasjonspoeng. Men CV-en min blir lang, seier Ragnhild Schrøder Hansen.

Førre veke hadde ho besøk av eit filmteam frå California Institute of Technology. Filmteamet lagar små filmsnuttar der forskarar fortel og forklarer, kalla PhDetours

Etter besøket frå filmteamet vil CV-en hennar bli endå lengre.

– Det å ha ein jobb der eg både kan forske og formidle er heilt topp, seier Ragnhild Schrøder Hansen (t.h) Alexandra Lockwood (t.v) og fotograf Matt Siegler frå Phdtv kom til Bergen og Fløyen for å filme romforskar Ragnhild Schrøder Hansen. Resultatet vil verte sett av mange tusen vitelystne. (Foto: Ida Bergstrøm)  

– Stolt
Historia starta i fjor sommar. Ragnhild Schrøder Hansen, då Ph.d-student på Birkelandssenteret, sendte inn ei lydfil til ein konkurranse hos Phd Comics. På to minutt forklarte ho om forskinga si på gammaglimt frå jorda. Det skulle vere forståelig, men fengande. Den ferdige fila vart lagt ut på nettsida til konkurransen for avstemming. Men Ragnhild Schrøder Hansen vart ikkje blant dei tolv mest populære. Likevel var formidlinga hennar god nok til å gje henne ein plass blant dei 20 beste. Og då filmteamet skulle komme til Norge, ringte dei romforskaren frå Bergen.

Bak PhDetours står Jorge Cham. Han begynte å lage den populære teikneseriestripa Piled Higher and Deeper, også kalla Phd Comics, då han tok doktorgraden sin ved Stanford. Sidan har har laga Phdtv og PhDetours.

– Eg er stolt av at eg klarte å få dette til, seier Ragnhild Schrøder Hansen til På Høyden.

Forståing for grunnforsking
I filmsnutten, som snart vil verte å sjå på Youtube og PhDetours, fortel Ragnhild Schrøder Hansen om forskinga si.

– Jordiske gamma-glimt er ei høgenergetisk stråling som vert produsert i samband med lyn, og som ein kan måle ved hjelp av eit instrument plassert på ein satellitt. Vi veit ikkje når jordiske gamma-glimt vert skapt. Vi veit ikkje i kva område det blir skapt. Vi veit berre at det skjer i samband med lyn, seier Ragnhild Schrøder Hansen.

Ho meiner god formidling ikkje berre handlar opp folkeopplysning. Formidling kan faktisk også gagne forskinga og forskarane.

– Det kan skape ei større samfunnsmessig forståing for forskinga, seier Ragnhild Schrøder Hansen.

– Sjølv driv eg med grunnforsking, og må stadig svare på kva som er vitsen med arbeidet mitt.  

Betre enn kronikk-skriving
Ho har ein doktorgrad utan pliktarbeid, betalt av Noregs forskingsråd. Hvis ho fekk velje, hadde ho brukt meir tid på formidling. 

– Formidlingsarbeidet går ut over forskingstida mi. Eg føler presset på å fullføre forskingsarbeidet mitt innan tidsfristen. Helst skulle eg arbeidd meir med formidling. Men eg ser at det ikkje finst pengar til det, seier ho.

Ragnhild Schrøder Hansen har arbeidd på Vil Vite i fem år. Ho har arbeidd med gruppa Myteknekkerne, som testar om mytar er sanne. Ho har også brukt mykje tid på Fysikkshow Bergen, som driv fysikkformidling til skular i Bergensområdet. Framleis har ho eit verv i det internasjonale Fysikkshow-styret.

– Formidlingsarbeid er inspirerande, og gjer at eg blir meir effektiv når eg først jobbar. Eg opplever at eg utviklar meg sjølv som formidlar og som person. Dette gir meg mykje meir enn å skrive ein kronikk, seier Ragnhild Schrøder Hansen.

Forskarar treng hjelp
– Då forskingsmeldinga vart lagt fram i Egget 8. mars gav statsminister Jens Stoltenberg norske forskarar kritikk for å nedprioritere formidlingsansvaret sitt.  Han oppmoda også om at dei må gjere formidlingsarbeidet med meir entusiasme. Er kritikken frå Stoltenberg fortent?

– Ja. Men kven som faktisk kan gjere noko med det, har eg ikkje heilt klart for meg. Ein del forskarar likar ikkje å bli oppringt av journalistar eller snakke om forskinga si offentleg. Det må vere ok. Men eg meiner det er viktig at dei som trivst med formidling skal få rom til å formidle meir, seier Ragnhild Schrøder Hansen.

Forskarar treng hjelp til å bli gode formidlarar, meiner Ragnhild Schrøder Hansen. Hjelp frå ein god journalist, som stiller dei rette spørsmåla. Ein animatør som formgir statistikken ein har arbeidd med. Hjelp med å finne dei rette formuleringane, som gjer at kompliserte problemstillingar vert forståelege.

– Er du ikkje redd for at presisjonen skal gå tapt når du skal forklare noko enkelt?

– Nei. Det er viktigare at eg kan bidra til eit visst kunnskapsnivå hos tilhøyraren. Presisjonen kan vi ha på konferansar, i publikasjonar og i dei samanhengane der det betyr noko.

Formidlar med glede

Slik vert du høyrt og hugsa: 

* Nøkkelen til god formidling er å sjølv vise engasjement.

* La formatet styre forma.

* Tenk historie.

* Fortel noko som overraskar og imponerer. Då hugsar tilhøyraren det betre.

(Kjelde: Ragnhild Schrøder Hansen) 

Powered by Labrador CMS