Inga Strümke er fysikar og med i første episode av den nye podcastserien. Torill Sommerfelt Ervik er programleiar. Foto: Hilde Kristin Strand

Lanserer ny podcastserie for «den som vil briljera i selskapslivet»

UiB serverer populærvitskap i tjue minutt lange porsjonar i ein ny podcastserie.

Publisert

— Altså, eg veit ikkje kor mykje eg skal seia... Men Torill kunne jo ikkje så mykje om dette.

Inga Strümke ler høgt. Ho svarar på spørsmålet om korleis ein skal klara å formidla fysikk i løpet av tjue minutt til nokon som ikkje har så mykje kunnskap om emnet på førehand.

Strümke er stipendiat i fysikk ved Institutt for fysikk og teknologi. Torill er Torill Sommerfelt Ervik, seniorkonsulent ved kommunikasjonsavdelinga. Ho står bak den nye podcastserien «Popviten UiB». Strümke var den første forskaren som vart invitert inn. Tema: Korleis fungerer eigentleg universet?

Leik og moro

Og sjølv om Ervik ikkje skjønte så mykje først, så hadde ho sjølvsagt ein plan.

— Eg har møte med forskarane før me går i studio, og stiller masse spørsmål. Eg varslar då at eg kjem til å stilla nokre dumme spørsmål. Og så er det jo ikkje slik at ein ikkje kan redigera etterpå, seier ho.

Målgruppa er unge vaksne, og Ervik synest det er fint å kunne visa fram dei yngre forskarane.

Me skal leika litt.

Tor A. Godal

— Målet her er jo at UiB skal formidla på ein lett, morosam måte. Tjue minutt er ei lengde som me trur er passeleg, då kan ein høyra på til dømes på veg til jobb.

— Me skal leika litt, seier kommunikasjonsdirektør Tor A. Godal.

Som mann som har passert femti, innrømmer han glatt at han ikkje er i målgruppa. Men han likar det likevel.

— Det må vera morosamt, og Inga boblar! Kombinert med ei ung, smart, moderne bergensstemme som Torill er dette veldig bra, skryt direktøren.

— Men eigentleg ønskjer me jo at 60-åringane ikkje skal lika dette. Me leikar oss med form og innhald, meir enn UiB vanlegvis plar gjera.

Avtale med forskning.no

Episoden der Strümke forklarar universet er først ut. Deretter kjem det fem eller seks episodar til før sommaren.

— Me har ein avtale med forskning.no. Ein firedel av lesarane deira er under 29 år - og dei har 1,5 millionar lesarar kvar månad, seier Godal om måten UiB håpar å få podcasten kjent på.

I tillegg finst han sjølvsagt på UiB sine sider, og vil verta delt i sosiale medium.

— Dette er jo ei form som innbyr til deling, seier Strümke.

Vil visa breidda

Men korleis kan ein som forskar formidla noko vanskeleg på ein lettfatteleg måte?

Eg synest det er flott at kunnskap har vorte meir sexy.

Inga Strümke

— Når det gjeld dette med tid og rom, som eg snakkar om i podcasten, er det noko er har forklart mange gongar før. Men eg tenkjer at dersom ein får snakka om noko som er midt i eins eige forskingsområde, og i tillegg bryr seg litt om formidling, er ein slik podcast midt i blinken, seier Strümke.

— Eg tenkte at eg snakka med lillesøstra mi. Dette er ein uformell setting, legg ho til.

Ervik innleiar den første podcasten med å seia at dette er ein podcast for deg som ønskjer å briljera i selskapslivet. Ho er oppteken av å finna tema og forskarar som passar i nettopp dette formatet - og ho ønskjer å visa fram breidda i det UiB driv med.

— Me tek gjerne imot tips eller idear til både tema og forskarar som bør vera med, seier Godal.

Gøy på jobben, det hadde Inga Strümke og Torill Sommerfelt Ervik det då dei laga podcast. Foto: Hilde Kristin Strand

Kva om ein seier noko feil?

Men kva dersom noko går gale? Eller ein seier noko feil?

Det er ikkje så farleg, meiner Strümke, sjølv om ho trur nokre unge forskarar kan vera redde for å seia noko som ikkje er heilt rett.

— For det første er ein samtale, som denne podcasten er, ei fin formidlingsform. For det andre synest eg det er flott at kunnskap har vorte meir sexy. Og seier ein noko gale, så går det bra. Eg har sagt noko som viste seg å absolutt ikkje stemma i NRK-serien Abels tårn, og karrieren min er endå ikkje over, humrar ho.

Powered by Labrador CMS