Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det hender Knut S. Vikør seier nei til å uttala seg til media. Men når han ser at nokon som veit mindre enn han har gjort det i staden, tenkjer han at han kunne sagt noko likevel. No har historieprofessoren fått formidlingspris.
– Kunnskapsnivået om islam, både hos journalistar og folk flest, er høgare no enn for nokre år sidan. Og mediedekninga er meir nyansert og kunnskapsrik. Tidlegare var det til dømes alltid spørsmål om kva ramadan var, no er det meir slik at Dagsrevyen nemner i ein setning at «ramadan startar i morgon».
Det seier Knut S. Vikør. Han er professor i historie med Midt-Austen og det islamske Afrika som spesialfelt. Førre veke fekk han Det humanistiske fakultetet sin formidlingspris.
– Det er greitt å få kreditt for ein del av arbeidet som ikkje er så lett å kvantifisera. Formidling gir ikkje studiepoeng eller formidlingspoeng, men er ein del av samfunnsoppdraget, seier Vikør.
Ekspert-tittel
Ein skal ikkje lenger tilbake enn fem-seks år før Vikør slett ikkje var så lysten på å uttala seg til media. UiB si formidlingsavdeling meinte at forskarane skulle vera meir aktive – Vikør syntest det var ein forferdeleg tanke.
Så kom 2011 og den arabiske våren.
– Etter det har eg uttalt meg mykje. Men eg ringjer aldri til media, det er dei som tek kontakt med meg. Og eg svarar på spørsmål og stiller i studio når eg kan, seier Vikør.
I 2014 har han mellom anna vorte intervjua om borgarkrigen i Syria, framveksten av IS i Irak, situasjonen i Libya og terrortrusselen i Noreg.
– Eg har mellom anna fått tittelen Libya-ekspert. Det er eg ikkje. Men det viser seg at det ikkje er nokon andre i Noreg som kan noko meir om Libya heller, seier Vikør.
Han jobbar i hovudsak med islamsk historie, særleg Nord- og Vest-Afrika på 1700- og 1800-talet.
Var sentralbord
– Gjer du som Frank Aarebrot anbefaler; uttalar deg om ting du har undervisningskompetanse i, og ikkje nødvendigvis har forska på?
– Det hender nok at eg uttalar meg om ting eg ikkje har undervisningskompetanse i òg, humrar Vikør.
– Når eg snakkar til studentane, forventar eg at dei skal kunne gjenta det eg sa på eksamen. Til ei avis kan eg i mykje større grad seia kva eg meiner, eg kan til dømes seia at eg synest det er problematisk med norsk krigføring i Irak.
Då Vikør leia Senter for Midtausten- og islamske studier ved UiB, kjende han seg av og til som eit sentralbord. Journalistar ringte, og han sette dei vidare. No svarar han i større grad sjølv.
– Det hender eg seier nei. Men i ettertid ser eg då gjerne at journalisten har kontakta nokon i Oslo som veit endå mindre enn meg. Då tenkjer eg at eg kunne uttalt meg sjølv.
Vikør er ikkje av dei forskarane som ber journalistane om å få sitatsjekk.
– Det er jo slik at akademikarar ofte klagar på at dei vert misforstått av journalistar. Og det hender jo at eg har snakka med ein journalist i ein halvtime, og så kjem dei ei linje på trykk. Og det er slett ikkje sikkert at det var det eg syntest var det viktigaste. Men så tenkjer eg som så at lesarane får meir ut av det som faktisk stod i saka, enn om det ikkje hadde stått noko i det heile, seier han.
Har eigen blogg
Knut S. Vikør har ein blogg. Han seier at bloggen vert brukt som den gode, gamle lesarbrevspalten, altså som ein kanal for noko han har lyst å seia noko om. Han presierer at dette ikkje er eksamensstoff, men meir hans personlege meining.
– Eg skriv i kronikklengde, og tenkjer ikkje på om det er nokon som les det.
– Men når du skriv om eit tema som mange meiner noko om, dukkar nettrolla opp då?
– Eg tenkte på det då eg starta bloggen, og lurte på om eg skulle opna for kommentarar. Men det er sjeldan nokon som kommenterer på sjølve bloggen. Nokre av innlegga der har vorte brukt andre stader, til dømes hos NRK Ytring, og då vert det kommentert. Men ofte går kommentarane over til å verta ein debatt mellom desse nettmenneska, seier Vikør.
På bloggen kommenterer han sjølv mellom anna debatten om islam. I 2013 vart Vikør og fleire andre forskarar skulda for å romantisera islam.
– Me vert kritisert for å nyansera, og får beskjed om at me heller burde åtvara om kor farleg islam er. For dei som kjem med denne kritikken, handlar det om eit politisk standpunkt. Dei er islamkritiske og ønskjer at dei negative sidene skal koma fram. Eg ser på det som skjer i nokre islamske statar som eit resultat av politiske prosessar, ikkje som eit resultat av islam som ideologi. Dette er eit fagleg standpunkt, seier Vikør.