Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
- Vi får store ressursar frå samfunnet. Då må vi vise korleis innsatsen vår er viktig både for samfunnsutvikling og næringsliv.
Det seier professor i sosialøkonomi og dekanus ved SV-fakultetet, Alf Erling Risa. Han leiar eit utval som arbeider med ein ny overordna formidlingsstrategi for UiB. Risa seier at formidlingsansvaret ved UiB omfattar heile organisasjonen – og at dette er noko alle tilsette må tenke på. Risa tykkjer at formidlingsansvaret bør ligge i linja, og at det bør inn som ein del av stillingsinnstruksen på lik line med til dømes undervisning. Om instituttstyraren har ansvaret kan ho eller han til dømes delegere dette til prosjektleiarar eller andre som er flinke til å formidle, seier Risa. Han er oppteken av at god formidling tek tid – og at dei som brukar tid og krefter på dette skal få det godskrive i ein arbeidsrekneskap. Ved andre norske universitet vel dei ulike formidlingsstrategiar. NTNU legg vekt på ansvarleggjering av kvar enkelt forskar, medan Universitetet i Oslo jobbar med ein strategi som truleg vil bruke økonomisk løning som insentiv for formidling. Dette systemet blir omtala som ”formidling med teljekantar”. Formidlingsdirektør ved UiB, Torny Aarbakke, som også er medlem i strategiutvalet er einig med Risa i at det er fornuftig å plassere ansvaret for formidling i linja.
- Alle veit at formidling er blitt viktigare og viktigare – og noko vi ikkje kan komme unna. Det vi no må diskutere er kvar ansvaret for formidlinga skal ligge. Mange vil meine at ein skal appellere til kvar enkelt om å ta ansvar for dette, seier Risa.
Han meiner det kanskje ikkje treng å vere slik at kvar enkelt forskar skal stille opp i media. Derimot må ein syte for er at nokon har ansvar for at dette blir gjort. Desse bør også ha tilstrekkeleg kunnskap, interesse og tid til formidling slik at denne jobben blir gjort på ein god måte.
Ansvaret for formidling bør ligge i linja
Han meiner at nokre forskarar ved UiB er veldig flinke på formidling. Dei fleste har derimot eit problematisk og uavklart tilhøve til dette feltet.
- Formidling er eit fag, og mange UiB-forskarar treng naturleg nok å skulerast i dette. Formidlingsavdelinga representerer den profesjonelle formidlingskompetansen i organisasjonen, og der kan ein få hjelp og råd. Likevel er det hjå kvart institutt, fakultet og avdeling kunnskapen og ansvaret om kva som skal formidlast ligg, seier Alf Erling Risa.
Formidling med teljekantar
- Som sosialøkonom er eg i utgangspunktet positiv til insentiv, men det er ikkje sikkert at ei slik ordning vil fungere godt her. Eg er redd det vil vere vanskeleg å telje formidling.
Risa meiner dei fleste vitskapleg tilsette ved UiB er positive til formidling, men at det framleis eksisterer ei jantelov innad på universitetet og skepsis til media.
- Det er viktig for oss å innsjå at dersom vi skal ha tid til å gjera det vi likar aller best, nemeleg å forska, må vi også ta oss tid til å formidle.
Premiering av formidling
- Det unike ved universitetet og andre utdanningsinstitusjonar er at vi har ein stadig straum av forsking vi kan formidle. I tillegg til dette skal vi ha eit utvida perspektiv på formidling. Vi har formidling rundt innovasjon og nyskaping, formidling via universitetsbiblioteket, Bergen Museums pedagogiske utstillingsformidling, forskingsformidling via undervisning og andre formidlingsoppgåver. Vi har ei rekke hensyn å ta når vi skal utvikle ein overordna strategi. Denne skal også ”snakke” med stategiane for forsking, utdanning og formidling som allereie er utvikla ved UiB – og skal innehalde nokre parameter for handling og kriterier for måloppnåing, seier Aarbakke.
Torny Aarbakke sit også i eit formidlingsutval som nyleg er oppnevnt av Universitets- og høgskolerådet (UHR) på oppdrag frå Utdannings- og forskingsdepartementet.
Utvalet har kome i stand som ei følge av departementets ønske om å få ein eigen komponent for avlønning av formidling for universitet og høgskolar. Utvalet skal foreslå relevante indikatorar for å fange opp sentrale deler av formidlingsaktiviteten ved universitet og høgskolar. Med andre ord finne måtar å premiere formidlingsaktivitet.
Overordna formidlingsstrategi skal handsamast i Universitetsstyret våren 2005. Formidlingsutvalet oppnevnt av UHR skal ha fullført sitt arbeid 1.juli 2005.