Formidlingspris til MAR-ECO

Publisert

MAR-ECO-prosjektet, ved toktleiar Odd Aksel Bergstad frå Havforskingsinstituttet, får Forskingsrådet sin pris for framifrå forskingsformidling. Mangfaldet i formidlingsarbeidet har imponert juryen.

Det internasjonale forskingsprosjektet MAR-ECO, som studerer økosystemet langs den midtatlantiske ryggen, blir koordinert av Havforskingsinstituttet og Universitetet i Bergen. I sommar var forskarane to månader på tokt med forskingsskipet G.O. Sars.

I juryen si grunngjeving heiter det at prosjektet er unikt ved at formidling har vore ein del av forskingsprosjektet frå starten av, og at formidlinga er integrert i det vitskaplege arbeidet.

– Det har vore eit fantastisk spennande prosjekt å arbeide med, seier seksjonssjef Morten Steffensen ved publikumsseksjonen ved Bergen Museum.

Saman med Elinor Bartle frå Formidlingsavdelinga har han representert UiB i gruppa som har jobba med formidling frå MAR-ECO-prosjektet.

– Formidling sto på dagsorden frå byrjinga, og vi valde å arbeide med å formidle gjennom heile prosjektfasen, frå planlegging til gjennomføring og resultat. Det har vore ein veldig fruktbar og interessant måte å jobbe på, hevdar Steffensen, som ser fram til mange fleire aktivitetar knytt til MAR-ECO dei neste åra.

Og formidlingsarbeidet har gjeve resultat: Prosjektet har vore formidla i alle typar media. Det har hatt stor gjennomslagskraft i dagspressa, og i tillegg er det laga ein dokumentar som skal visast på fjernsyn. Trykt informasjon og omfattande nettsider er også ein del av arbeidet. Heile 28 land har gjeve pressedekning til MAR-ECO-ekspedisjonen.

Formidlingsprisen er på 200.000 kroner, og blir overrekt på Forskingsrådet sin festkveld for norsk forsking i Oslo konserthus torsdag 11. november.

Powered by Labrador CMS