Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Farmasistudiet i Bergen skil seg positivt ut, seier Johannes Aursland, godt fornøgd etter sitt første år på masterprogrammet i farmasi ved UiB.
Til hausten er det to år sidan dei aller første studentane vart tatt opp til det femårige masterprogrammet i farmasi ved Universitetet i Bergen. Satsinga med å byggje opp farmasi som eige fag og forskingsområde i Bergen går for full maskin inn i tredje året. Derfor var det tid for ei oppsummering av erfaringar då Senter for farmasi arrangerte seminar sist veke. – Det er eit bra fag som er sett saman på ein god måte, slår Randi fast. Alle ledd har hatt sitt å stri med dei to første åra, ikkje minst studentane. Det er nemleg ikkje gjort i ei handvending å byggje opp eit heilt nytt fagområde. På farmasiseminaret vart det peikt på at praksisperioden som i starten vart lagt til første semester ikkje fungerte like godt for alle, og at kravet til forkunnskapar blant studentane i nokre tilfeller har blitt sett for høgt. Studentane har i alle fall gjort sitt for å få det sosiale på gli.
Erfaringane viser at ikkje alt har gått smertefritt dei to første åra. Men studentane Johannes Aursland (25) frå kullet som vart tatt opp i 2004 og Randi Johnsen Rogde (21) som er mellom dei 25 studentane som kom inn på det aller første opptaket i 2003, klagar ikkje. Dei er tvertimot strålande fornøgde med at dei har valt å studere farmasi nettopp ved UiB.
Det beste frå begge
Særleg fornøgd er ho med modulen i samfunnsfarmasi, der ho har fått lære om bruken av legemiddel i samfunnet og sett nærare på farmasøytane si rolle i helsevesenet.
– Der hadde vi forelesarar frå mange ulike delar av landet, og vi hadde spennande prosjektoppgåver.
Farmasi er, kort sagt, læra om legemidla. Den læra involverer mykje, frå farmakologi (om korleis legemidla verkar i kroppen), kjemi, biokjemi og molekylærbiologi til matematikk, statistikk – og altså dei samfunnsmessige sidene. I siste del av studiet kan studentane gjennom masteroppgåva fordjupe seg i fagområder dei er spesielt interesserte i.
Johannes synest den tverrfaglege profilen gjer farmasistudiet i Bergen spesielt attraktivt samanlikna med dei to andre tilboda her i landet, som finst ved universiteta i Tromsø og Oslo.
– Det er bra å kunne trekke inn det beste frå to ulike fagmiljø. Med den tverrfaglege profilen skil farmasistudiet ved UiB seg positivt ut i forhold til dei andre universiteta, seier Johannes, som i tillegg synest dei spesielle utvekslingsmoglegheitene ved farmasistudiet i Bergen er eit pluss.
Studiet vart frå starten i 2003 bygd opp på grunnlag av allereie eksisterande undervisning ved UiB både frå Det medisinske og Det matematisk-naturvitskapelege fakultet. Institutta for biomedisin, indremedisin og samfunnsmedisin yter alle sitt til breidda i studiet, medan Kjemisk og Matematisk institutt tek del frå realfagssida.
Modulkrøll
Særleg problematisk har det vore å få dei ulike studiemodulane til å henge knirkefritt saman, ikkje minst fordi undervisninga skjer på to ulike stader i byen – på Realfagsbygget og på Bygg for biologiske basalfag (BBB). At innføringa av Kvalitetsreforma har føregått samstundes, har ikkje gjort saka noko lettare.
– Det har vore ein del krøll med organiseringa av studiet. Men det var eg førebudd på sidan eg visste at begynte på eit heilt nystarta fag, seier Randi.
Leiar for programstyret, Rune Ulvik, meiner også den tverrfaglege oppbygginga av studiet byr på utfordringar: Profesjonsstudier er gjerne prega av sterk sosialisering og identitetsdanning, men kjerna er ikkje så lett å finne når ulike eksisterande fagområder skal gå saman i noko nytt. Senter for farmasi skal no lyse ut fire professorat, mellom anna i farmakologi og samfunnsfarmasi.
– Det kan vere med å styrke profesjonsidentiteten, trur programstyreleiaren.
Sosialt
– Vi starta opp studentforeininga første hausten. Foreininga står for festar, turar, fadderveker og faglege arrangement, fortel Randi.
Ho har tre år igjen til både sosial og fagleg aktivitet. Så kan ho kalle seg farmasøyt, frå det første kullet nokosinne ved UiB.