Forskar får behalde jobben

Bioforsk sa opp jobben til ein forskar, men Landbruks- og matdepartementet (LMD) har overprøvd institusjonen.

– Avgjerda er oppsiktsvekkande, fordi Landbruks- og matdepartementet har vald å overprøve vurderinga til Bioforsk om å seie opp ein av dei tilsette. Dette er noko vi sjeldan opplever, seier Mariann Helen Olsen til Forskerforum.

Ho har hatt saka som advokatfullmektig i Forskerforbundet.

Etter at forskaren vart sagt opp frå stillinga ved Bioforsk Plantehelse, sendte Forskerforbundet ei rettsleg klage til LMD.

– Vi klaga på det rettslege grunnlaget for oppseiinga av Magnusson og har fått medhald i dei viktigaste punkta i saka, seier Olsen. 

Powered by Labrador CMS