Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kristine Kreftcelle vaks opp i eit dårleg miljø. Difor gjekk det heller ikkje spesielt bra med henne.
– Når ei kvinne kjem i overgangsalderen vert bryst og eggstokkar råka av arbeidsløyse. Då hender det gjerne at cellene finn på andre ting å gjera, seier Henriette C. Ertsås.
38-åringen er stipendiat ved Institutt for biomedisin. Ho forskar på celler og på korleis uheldige endringar i mikromiljøet rundt cellene kan føra til kreft. Torsdag står ho på scena på Verftet som ein av ti deltakarar i Forsker Grand Prix.
Det vil seia, det er ikkje berre Henriette, men òg Kristine Kreftcelle, publikum får møta.
– Konseptet er ein smule fornærmande dersom publikum reknar med å læra stor vitskap i løpet av dei fire minutta – me som er med har jo brukt år på å skjøna dette. Eg ønskjer heller å fortelja ei god historie frå biologien og påverka nokre haldningar om kva innverknad genene har. Eg driv med vitskapeleg formidling retta mot barn, og ser på konkurransen som ein sjanse til å få møta eit vakse publikum, seier Ertsås.
Frå mutasjon til manipulerar
Kristine Kreftcelle veks altså opp i eit dårleg miljø. Forskinga til Ertsås viser at cellene sin personlegdom let seg påverka av mikromiljøet dei lever i. Ho ser særleg på aldersavhengig kreft hos kvinner, og har funne at celler som bur i eldre kvinner gir litt blaffen i instruksjonar frå omgivnadane. Mikromiljøet har gjort at dei er likegyldige til alle velmeinande råd, inkludert rådet om å halda seg vekke frå sjarmerande vekstfaktorar.
– Kristine Kreftcelle hadde ein mutasjon: Ho hadde skrivevanskar. Men ho kunne ha klart seg dersom ho vaks opp i eit betre miljø, illustrerer Ertsås.
I konkurransen får dei ti forskarane først fire minutt kvar til å fortelja om prosjektet sitt. Dei beste går vidare til andre runde, og får der seks minutt.
– Dersom eg kjem dit, får publikum treffa Kristine att. Då er ho vorten ein skikkeleg uspiseleg businessperson, og korrumperer alle cellene ho møter, fortel Ertsås.
Det er nemleg det som skjer når kreftcella vert ein kreftsvulst, med god hjelp frå overløparar blant kroppen sine eigne celler – som vert overtalte til å hjelpa henne.
– Det er sjeldan ein svulst åleine ein døyr av, men av enkeltceller som migrerer ut frå svulsten for å etablera svulstar andre stader i kroppen, seier Ertsås.
Ho meiner at ein må justera trua på gener og gentestar som ei spåkule for sjukdom.
– Mange kvinner, til dømes Angelina Jolie, fjernar brysta fordi dei er redde for å få kreft. For nokre er det kanskje rett å gjera det, dersom uroa tek overhand. Men ein vil jo aldri kunne vita om det var naudsynt, seier forskaren.
Det går ikkje særleg bra med Kristine Kreftcelle. Som ei kvar kreftcelle som får herja fritt er ho sjølv årsak til at ho døyr – ho har brukt opp all oksygen og alle tilgjengelege ressursar.
Fekk klare tilbakemeldingar
– Eg er heldig. Alle veit kva sol og skyer er, så eg treng ikkje bruka mykje tid på å forklara kva det går i, humrar Anders Sivle.
Han er statsmeteorolog, men no doktorgradskandidat ved Institutt for fysikk og teknologi og ved Meteorologisk institutt.
Då Sivle jobba som meteorolog, oppdaga han at publikum slett ikkje alltid oppfatta vervarsla på den måten vervarslarane hadde rekna med at dei ville oppfatta dei. I doktorgradsarbeidet hans har han difor reist rundt og snakka med ulike menneske og yrkesgrupper om korleis dei brukar vervarslingstenesta yr.no.
– Då eg jobba som meteorolog, var det stadig nokre som ringte og ga beskjed.
– Dei kjefta, med andre ord?
– Ja, dei gjorde nok det. Nokre var misnøgde fordi klesvasken hadde vorte våt, medan bønder og fiskarar var meir konkrete – dei hadde tatt opp agn til fisketuren, men så vart det ikkje fiskever likevel, eller bøndene hadde rekna med at dei kunne la kornet stå litt til, men så kom regnet.
Sivle har reist rundt og treft bønder, elevar og lærarar i den vidaregåande skulen, turleiarar i Den norske turistforeining og malarar.
– Bønder og malarar er storbrukarar av yr.no. Det viser seg at situasjonen meir enn bakgrunnen har noko å seia for korleis ein brukar tenesta, seier Sivle.
Kva er ettermiddag?
– Språket meteorologane brukar er svært presist definert. «Ettermiddag» er til dømes definert som frå klokka 12-18, sjølv om moderne menneske kanskje meiner at ettermiddag er det som er når ein kjem heim frå jobb. Men ein del omgrep er nok eit større problem når ein høyrer vermelding via fjernsyn eller radio enn når ein brukar yr.no, seier Sivle.
– Kva er det som er vanskelegast å formidla?
– Det ser ut til at eit av hovudproblemet er knytt regn og snø, når og kor det kjem, seier Sivle.
Han fortel om ein del av dei geografiske omgrepa, som dalstroka innanfor, vasskiljet og Langfjella.
– Det er ikkje alle desse som er i bruk lenger. Men Åna Sira, Stad og Lista er viktige når det handlar om kuling og storm.
Har skrive barnebok
Sivle har mellom anna skrive ei barnebok om meteorologi.
– Eg synest Forsker Grand Prix er ein fin sjanse til å få visa kva ein held på med. For min del betyr det òg noko å få med tips til formidling med på vegen, seier han.
– Kva nivå skal ein legga seg på når ein formidlar til dei som ikkje kjenner fagfeltet frå før?
– Eg er aldri redd for å forenkla. Eg trur det må til for å nå ut til folk, og håpar at eg ikkje misser altfor mykje presisjon på det, seier Sivle.
Ertsås er ikkje heilt samd.
– Eg er alltid redd for å forenkla så mykje at noko vert feil. Det er det forskarar ofte snøftar over når andre forskarar har vore i media og generalisert eller hausa opp eigne resultat meir enn det er grunnlag for, seier ho.
– Me meteorologar kan ikkje laga eit vervarsel og halda det for oss sjølv, humrar Sivle.