Forskar i fare

– Å vite at eg er trygg eit år eller to gjev eit pusterom. Det gjev tid til å tenke, arbeide og skrive. Og å samle krefter til å reise attende for å arbeide vidare mot undertrykkinga, seier Sunila Abeysekera.

Denne veka gjesta ho UiB og Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling for å fortelje om vald og militarisering i heimlandet hennar, Sri Lanka. UiB er med i Scholars at Risk-nettverket, som den komande tida vil halde fleire forelesningar av og med forfølgde forskarar.

Vald og truslar
Sunila Abeysekera har sjølv vore trua frå fleire hald. Først av styresmaktene. Så av militante grupper som hevdar ho arbeider for styresmaktene. Sjølv har ho ein klar agenda: Ho vil at menneskerettane skal respekterast, og at brot på menneskerettane skal verte etterforska.

– Militariseringa av samfunnet på Sri Lanka har gått langt. Militære og dei som arbeider for styresmaktene har nærmast straffefritak og dei gjer overgrep. Vald, forsvinningar, valdtekt, ulovleg bruk av varetekt og internering skjer framleis på Sri Lanka, seier Sunila Abeysekera til På Høyden.

Drapsvåpen i kvar heim
Mange år med borgarkrig og geriljakrig har ført til ei militarisering av samfunnet, fortel ho. Sjølv om det offisielt er våpenkvile og ein slags fred på Sri Lanka, finnast våpena blant folk framleis. Og mange er trent i å bruke dei.

– Deserterte soldatar og soldatar på perm har sett igjen automatgevær og granatar i heimane sine. Og vi ser at når det oppstår ein konflikt med ekskjæresten eller med familien, kjem dei altfor lett fram, seier Sunila Abeyskekera.

Vert overvaka
Arbeidet for å gjere Sri Lanka til eit tryggare og meir fredeleg land har ført til at ho i 2009 vart sett på lista over den personen som styresmaktene sine hemmelege tenester la mest innsats i å overvake. Abeysekera fekk som ein av fem FN sin menneskerettspris i 1998 for arbeidet ho har gjort. I 2008 vart ho kåra til Human Rights Defender of the Year av Human Rights Watch.

– Vi som akademikarar har ei viktig rolle å spele i spenningsfylte område. Diverre ser ein ofte at militarisering fører til at forskarar og intellektuelle vert knebla.

Forskarar vert stoppa på flyplassen. Når dei ringer i telefonen høyrer dei små lydar på linja. Nokon avlyttar dei. Finansiering vert brått trukke tilbake utan forklaring. Samarbeid vert forbode. Utveksling uaktuelt.

– Akademikarar har ei plikt
– Styresmaktene skaper eit miljø der det er svært vanskeleg å arbeide. Det er frustrerande å gå rundt og vere så redd, seier Sunila Abeyskekera.

Universitetet i Bergen er ein del av Scholars at Risk-nettverket. Neste år vi UiB vere vertsuniversitet for ein forfølgd forskar.

– Vi som har høgare utdanning har tilgang på ressursar og evna til å analysere. Vi overfører kunnskap og gjev analysar av tida vi lever i. Å arbeide for sosial rettferd og samfunnsendring er ei plikt ein har som intellektuell.

Ynskjer akademisk fridom
Tenk deg at statsministeren skal utpeike den nye rektoren ved UiB. At Kunnskapsdepartementet skal avgjere kven som får verte professor, og kven som mistar jobben. Dette er røynda på Sri Lanka.

– I Colombo er det ein stor streik på universitetet no. Dei tilsette krev fleire ressursar og større akademisk fridom. Eg håpar situasjonen vert betre, seier ho.

Sunila Abeysekera har sjølv status som Scholar at Risk. Ho bur og arbeider no i den Haag, og er gjesteforskar ved International Institute of Social Studies (ISS) ved Erasmus University Rotterdam i Nederland.

– Eg vil reise tilbake til Colombo. Men eg set stor pris på å få en pause fra dei harde arbeidstilhøva.

Powered by Labrador CMS