Forskarar får millionar frå ERC

Professor Andreas Føllesdal ved Norsk senter for menneskerettar får 21 millionar kroner i støtte frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) for å leia eit prosjekt som ser på legitimiteten til menneskerettsdomstolar. Medisinprofessor Ludvig Sollid og kjemiprofessor Trygve Helgaker er dei to andre som har fått millionløyvingar til banebrytande grunnforsking merka ”Advanced Grant” frå ERC, skriv Uniforum på sin nettstad.

Professor May-Britt Moser ved NTNU har også fått ERCs Advanced Grant på 2,5 millionar euro, ifølge Universitetsavisa.

Powered by Labrador CMS