Forskarar til kamp mot mordarsnegl

Publisert

Om du ser menn som kryp rundt med hovudlykt i naboens hage i skumringa kan det vere at dei er forskarar på brunsneglejakt.

Norges Forskingsråd har nyleg løyvt 6 millionar over fire år til eit prosjekt for å kartlegge utbreiing av brunsneglen også kjent som iberiaskogsneglen og mordarsneglen eller på latin Arion lusitanicus. Dei skal studere brunsneglens biologi og utprøve metodar for å bli kvitt dei plagsame sneglane.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Planteforsk ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. UiB får ein tredjedel av midlane og nyttar dei til å tilsetje to unge forskarar, John Skartveit og Christian Mong, i 60 prosent stilling.

Tar jordbær og kål

Før vart brunsneglar sett på som eit hageproblem, men no byrjar det å bli eit alvorleg problem også for kommersiell hagedyrking, som jordbær og kål. Grelle døme er hageeigarar i Hordaland som har hatt opp til hundre tusen sneglar i hagen, medan mykje av jordbær- og kålavlingar har gått tapt ulike stader langs vestlandskysten.

Forskarane vil derfor ha mest å gjere i velstelte villahagar, og innan bær- og grønnsaks-dyrkning. I skumring og mørke vil dei krype rundt med hodelykt, vege, telje og registrere brunsneglar, og også andre sneglearter.

– Av og til kan det bli litt monotont når du er komt til snegl nummer 595 og regnet høljar ned i mørkret. Då gjeld det å hugse på kva som eigentleg er målet med forskinga – nemleg at det skal bli færre brunsneglar og vi skal lære mykje nytt og spennande om biologien til sneglen, smiler John Skartveit som skal gjere feltarbeid i hagar og landbruksområder på Finnøy i Rogaland, på Stord og i Åsane i Hordaland og på Bogtvedtøy i Møre og Romsdal.


Tel sneglar i Åsane

Forskarane ved UiB skal bygge vidare på tre hovudoppgåver og ei semesteroppgave som er skrevne om brunsnegl, mellom anna bygd på studier gjort i Åsane og på Stord. Per i dag veit forskarane ikke nok om biologi og levevis hjå brunsneglen i Noreg, sjølv så fundamentale ting som livsyklus, overvintring og spreing må det forskast mykje meir på.

– Vi skal i dei fyrste åra av prosjektet mest drive grunnforsking, dette kan gje oss ei mykje betre forståing for korleis arten lever i forhold til faktorar i omverda, og dermed korleis vi kan bekjempe den, fortel leiar for snegleprosjektet ved UiB, førsteamanuensis i økologi ved Biologisk Institutt, Torstein Solhøy. Han fortel at kjemiprofessor Otto Grahl Nielsen ved UiB skal bestemme fettsyrer hjå sneglane for å sjå på spreiinga av dei ulike sneglestammene. I tillegg skal professor i marin systematikk, Christoffer Schander gjere genetiske studier av sneglane for også å kartlegge variasjoner i lokale stammer, fargevarianter og mulige krysninger med svart skogsnegl

Solhøy peikar på at det også er viktig å auke vår kjennskap til kva planteartar sneglen foretrekk og kva den lar vere i fred. Planteforsk har i sin del av prosjektet hovudfokus på anvendte og praktiske problemstillingar knytt til brunsneglar. Dei skal i år mellom anna teste ut nematoder (rundorm) som middel for å bekjempe brunsnegl i tillegg til å teste ut andre forebyggande tiltak. Desse skal så også prøvast ut på Vestlandet


Har kryssa seg

For det hastar å komme med tiltak som verkar. I Åsane er det til dømes allereie funne klare indikasjonar på krysning mellom brunsnegl og svartsnegl, noko som også er funne i Sverige. Nokon har frykta at ei slik krysning kan utvikle seg til ein slags supersnegl, men Solhøy har ikkje noko tru på dette, i alle fall ikkje på kort sikt på grunnlag av dei observasjonane vi har i Åsane

– Vi må gjere nærare genetiske undersøkingar for å finne ut kva dette er for noko, frå før kjenner vi til populasjonsøkologien nokså inngåande fra et felt i Åsane – men sjølv om det ikkje er noko som tyder på at det har utvikla seg ein meir aggressiv snegletype, kan det på lengre sikt bli eit problem fordi dei får større høve til å spreie seg til naturlege vegetasjonstyper. Der kan dei påverke skog- og blomstersamfunnet ved å ete selektivt. seier Solhøy. Han fortel at det er indikasjonar på at brunsneglen gjer dette i utlandet, men førebels ikkje her. At dette vil skje lenger fram i tid også i Norge, er det likevel liten tvil om, ifølge Solhøy.

Han har i perioder studert utbreiing og biologi hjå norske og færøyske snegl heilt sidan slutten av 1960-talet. Brunsneglen, som den no er endeleg døypt ”av folket”, vart først observert i Norge i 1988. Den fins naturleg i mange land, men er først og fremst eit problem i Sveits, Austerrike, Tyskland, deler av Polen, delvis i Nederland og Belgia, i Skandinavia minus Island og Færøyene.


Komen for å bli

– No må vi berre godta at den er blitt en del av den norske faunaen, seier Torstein Solhøy. Han meiner at det er mogleg å få kontroll over brunsneglen, men at det kjem an på innsatsen. Vi kan altså ikkje få den bort frå eit område der den er etablert, men vi kan lage barrierer og bekjempe den lokalt. Forskarane skal prøve ut ei rekke metoder – og dei trur at det som mest sannsynlig kan få bukt med problemet i hager og landbruk vil vere ei kombinasjon av ulike metodar, men det er eit stykke veg å gå.

– Er vi heldige finn vi ei nematode som verkar. Den arten som skal utprøvast ved Planteforsk er rapportert å ha god verknad på åkersnegl i utlandet, men høgst variable resultat er rapportert for brunsnegl. Kanskje verkar dei best mot nyklekt snegl og egg og då må det ”timing” til ved bruken. Midlet er også ganske dyrt.

Brunsneglens naturlege fiendar er undersøkt i mange land. Få metodar er observert og testa ut på ein vitskapleg måte, dette gjeld både insekt, dyr og ulike sneglemiddel. Det norske brunsneglprosjektet har samarbeidspartnarar i fleire europeiske regioner, mellom anna i Sverige, Skottland og England.

Brun skogsnegl fins så langt i Noreg langs kysten og litt inn i landet fra Østfold til Nord-Trøndelag, og er eit særskilt stort problem i kystområda, og kanskje helst på vestlandskysten. Den er utvilsomt på spreiing nordover og innover i landet

Powered by Labrador CMS