Forskarar vert nekta visum

Publisert

Fleire norske forskarar har problem med å få visum til Kina. – Det er vanskeleg å vita kvifor det er slik, seier UiB-professor Stein Kuhnle.

– Mange av oss har hatt problem med visum og arbeidsløyve, og når me held konferansar i Kina er det vanskeleg å vita om nordmenn får delta.

Det seier Mette Halskov Hansen, professor i kinastudium ved Universitetet i Oslo, til Forskerforum. Forskerforum skriv at det etter utdelinga av Nobels fredspris til Liu Xiaobo har vorte vanskelegare for norske forskarar å samarbeida med Kina. I 2010 peika Forskingsrådet på Kina som nummer tre etter EU og Nord-Amerika som satsingsområde for norsk forsking i utlandet. Samarbeidsprogrammet heiter Chinor.

- Har vore eit problem
Ved UiB er Stein Kuhnle, professor i samanliknande politikk, sentral i mykje av samarbeidet universitetet har med Kina. Kuhnle har tidlegare sagt til På Høyden at det politiske klimaet gjer vitskapleg samarbeid vanskeleg.

Sjølv har han ikkje opplevd å verta nekta visum.

– Mine næraste kollegar har heller ikkje hatt problem med det. Men eg har høyrt at det er fleire ved Universitetet i Oslo som ikkje har fått visum. Dette har vore eit problem, det kan ein ikkje leggja skjul på, seier Kunhle til På Høyden.

Han understrekar at UiB har eit godt samarbeid med kniesiske universitet, og fortel at store grupper frå NTNU har vore i Kina.

– Det er vanskeleg å vita kvifor enkelte forskarar vert nekta visum, seier Kuhnle.

Professor Stein Kuhnle har vore fleire gongar i Kina. Så langt har ingen prøvd å nekta han å reisa dit. Arkivfoto: Fredrik Mandal

Skriv kritisk, får visum
Ein av dei som ikkje har fått visum på fleire år, er Harald Bøckman. Han er forskar ved Senter for utvikling og miljø ved UiO. Bøckman seier til Forskerforum at han ikkje har fått vita årsaka til at han ikkje får visum.

– Dette kan tyda på at ambassaden har meldt meg inn til sentrale register i Kina, meiner han.

Trond Erik Jacobsen er forfattar og har skrive boka «Kinas skjulte prinser». Der skriv han om dagens kommunistiske leiarar som ein styrtrik, privilegert overklasse. Han har ikkje hatt problem med å få visum.

– Dersom ein presenterer seg som journalist eller kanskje som forskar, stoppar det gjerne opp når ein skal reisa til Kina, seier Jacobsen til Forskerforum.

Han seier at kinesarar flest ikkje stolar på informasjon som kjem frå det offentlege, og at alle relasjonar må byggjast kring uformell kontakt og vennskap.

Mange vil ikkje snakka
Jon Pedersen, forskingssjef i Fafo, leiar eit Kina-prosjekt som får midlar frå forksingsrådet. Han har budd i Kina dei siste fire åra, og kan konstatera at for Fafo sin del har FoU-samarbeidet vore relativt uendra sidan fredsprisutdelinga i 2010.

– Men det er ikkje mogleg å arrangera noko der norske politikarar eller diplomatar skal ta del, og folk høgare oppe i statsadministrasjonen eller universitetsadministrasjonen i Kina kan heller ikkje vera med, seier han.

Forskerforum skriv at dei har vore i kontakt med mange forskarar som ikkje ønskjer å seia noko om samarbeidet sitt med Kina. Dei er redde for å ikkje få visum dersom dei uttalar seg kritisk.

– Å stå fram med namn kan resultera i problem for yngre forskarar, så folk går på gummistøvlar for å komad Bøckman til Forskerforum.

Fleire forskarar har vorte nekta visum til Kina. Andre er redde for å verta nekta dersom dei fortel om samarbeidsplanar. Foto:  flickr.com/SpecialKRB

Framsidebilete: flickr.com/Renato Ganoza 

Powered by Labrador CMS