Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Onsdag streikar ei samla fagrørsle mot endringar i arbeidsmiljølova. Ei av endringane er å auka aldersgrensa frå 70 til 72. Dette punktet gjeld ikkje UiB – enno.
Onsdag klokka 14 stoppar Noreg i to timar. YS, Unio og LO står bak ein stor politisk streik. Fagforeiningane reagerer på forslaga til endring i arbeidsmiljølova, som inneber mellom anna endringar i arbeidstid, generelt løyve til å tilsetja mellombels i tolv månader og ei auking av aldersgrensa frå 70 til 72 år.
– Me reagerer særleg på at ein vil auka høvet til å pålegga overtid og gjennomsnittsutrekning av arbeidstid utan å involvera fagforeiningane, seier Jørgen Melve, som leiar NTL ved UiB.
Regjeringa vil at ein skal kunne jobba opp til ti timar om dagen i periodar etter individuell avtale mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Grensa for overtid skal på same måte aukast frå ti til tolv timar i veka eller frå 25 til 30 timar i månaden. I tillegg vert det opna for at ein skal kunne verta tilsett i mellombels stilling i eitt år.
– Større aksjon
– Når det gjeld punktet om overtid, vil det verta meir trøkk på den einskilde arbeidstakaren. Me får inn søknader om å gå over grensa for overtid kvart år, og me har til no aldri sagt nei. Ordninga fungerer heilt greitt, seier Melve.
Når det gjeld punktet om mellombelse stillingar, meiner Melve at det ikkje kjem til å bety noko særleg for UiB-tilsette. Særleg blant vitskapeleg tilsette er det i dag mange i mellombels stilling.
– Men me streikar jo ikkje berre for oss sjølve. Me vil mellom anna ikkje at resten av arbeidslivet skal verta som universiteta, seier Melve.
Det same seier Steinar Vagstad, som leiar Forskarforbundet ved UiB.
– Eg opplever at me tek del i ein større aksjon. Det handlar kanskje ikkje så mykje om vår sektor. Men det handlar om å flytta forhandlingsmakt over til arbeidsgivarsida, og det kunne regjeringa godt vore ærlege om, seier han.
Vagstad seier at ein gjennom forsking ikkje har klart å måla nokon effekt på sysselsetting ved å opna meir for mellombels tilsette.
– Så når ein opnar for mellombels tilsette, er det akkurat det ein får: fleire mellombels tilsette og færre fast tilsette. Me synest regjeringa her kunne innrømt at dei ønskjer seg større fleksibilitet for arbeidsgivarane, seier Vagstad.
UiB vil ikkje ha auka aldersgrense
Eit av forslaga til endring, er å heva aldersgrensa frå 70 til 72 år. Dette forslaget gjeld ikkje UiB, aldersgrensa i staten er omfatta av Lov om arbeidstid for offentlege tenestemenn. Men det er ikkje usannsynleg at endringa kjem her òg.
Då UiB sendte inn høyringssvar til forslaga om endring, var det nettopp den auka aldersgrensa som vart peika på. Der heiter det at «UiB antar at en eventuell heving av aldersgrensen i arbeidsmiljøloven vil kunne føre til en tilsvarende endring for offentlige tjenestemenn». Det vert vidare peika på at 70-årsgrensa er ei innarbeidd ordning, som fungerer godt. Det er i hovudsak vitskapeleg tilsette som ønskjer å stå i jobben til dei fyller 70. Men dei kan framleis vera knytt til UiB, gjennom emeritus-ordninga. «Dette mener vi er en god ordning for de vitenskapelige ansatte som ønsker å fortsette å arbeide etter fylt 70 år, som samtidig gir rom for å ivareta karrieremulighetene for yngre, høyt kvalifiserte vitenskapelige arbeidstakere».
– Det er heilt klart at det kjem ei aldersgrense her òg. Å tenkja seg at staten skal ha autofritak, det trur eg aldri kjem til å skje, seier Melve.
Han seier at ei heving av aldersgrensa kan føra til at ein får ein lenger periode utan utlysing av vitskapelege stillingar.
– Det er òg sagt at ein vil greia ut om grensa bør aukast til 75, seier han.
– Skrekkscenario
– Dersom dette forslaget òg vil gjelda statleg sektor, ser eg på det som eit skrekkscenario: Fleire mellombels tilsette og høgare aldersgrense.
Det seier Julie Riise. Ho er postdok ved Institutt for økonomi og representerer gruppe B, altså mellombels vitskapeleg tilsette, i fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet.
Riise seier at dersom det vert mogleg for statleg tilsette å arbeida til dei fyller 72, er det nok mange vitskapeleg tilsette som kjem til å gjera nettopp det.
– For mange av dei er jobben ein livsstil, seier ho.
Riise er tilsett ved eit fakultet som har mange eldre arbeidstakarar. I fakultetsstyremøtet før jul, vart det peika på at fleire av institutta har mange tilsette som fyller 70 i løpet av dei næraste åra. Samstundes tillet ikkje fakultetet sin økonomi nytilsetjingar i særleg stor grad.
– Dersom ein innfører ei høgare aldersgrense, trur eg at endå færre enn i dag vert verande i akademia. For mange er livet som mellombels tilsett så uføreseieleg, og for nokre er det òg på grensa til fornedrande, at dei vil finna seg noko anna å gjera. Då kan universitetet koma i den situasjonen at ein misser dei ein ville rekruttert, og når ein har ein ledig stilling, kan det vera verre å få engasjerte og gode søkjarar, trur Riise.
Sjølv har ho kontrakt som postdok ut året.
– Eg burde nok laga meg ein plan B, sjå meg om etter noko anna å gjera.
Vil ha fleire i fast stilling
Katharina Wolff representerer gruppe B, altså mellombels vitskapeleg tilsette, i universitetsstyret. Ho er postdok ved Det psykologiske fakultetet.
– Eg tenkjer at ein må få jobba så lenge ein vil, så eg ser ikkje på aldersgrensa som eit problem. Det største problemet med forslaga til endring, er at ein opnar for å kunne tilsetja i mellombelse stillingar i større grad, seier Wolff.
Akademia har allereie mange mellombels tilsette, og UiB har fått kjeft frå Kunnskapsdepartementet fordi grada av tilsette i mellombelse stillingar er stor. Wolff trur forslaget til lovendring kan gjera at det vert endå fleire utan fast stilling.
– Målet må vera å gi fleire fast jobb, seier ho.