Forskargrupper og det innovative kretsløpet – spørsmål til rektorkandidatane

Publisert

LESARBREV: God forsking er innovativ forsking. Eit universitet som har ambisjonar om å vera i forskingsfronten må ha strukturar som fremmar innovativ forsking. Vi spør derfor rektorkandidatane kva dei meiner skal vera universitetet sine viktigaste virkemiddel for å støtte bygginga av gode forskargrupper.

Mange vil intuitivt seia at gode forskingsstrukturar er dei som sikrar forskaren fred og ro til å arbeida fram sine gode idear. Vi hevdar det motsette – det som sikrar innovativ forsking er strukturar som fremmar samarbeid mellom forskarar i forskargrupper.  Årsaka er at forskargrupper tilbyr eit innovativt kretslaup som gjer at ideane kjem fortare og vert betre. Difor bør forskargrupper vera eit tema på tampen av årets rektorvalkamp på UiB.

Forskargruppa kan vera knytt til bare ein institusjon eller vera tverrfagleg. Den kan ha mange (25) eller få (10) medlemmar av fast vitskapeleg tilsette, postdoktorar og PhD-studentar, og i tillegg vil fleire masterstudentar gjerne vere knytt til forskingsgruppa. Dei kan vera konsentrert rundt eitt eller fleire prosjekt. Kort sagt: det finst mange måtar å organisera ei forskargruppe på. Det viktige er at forskarar kjem inn i ein fellesskap.

Det er særleg sju fordelar med at forskarar organiserar seg i ein fellesskap:

For det fyrste: idéutvikling
Ei forskargruppe fungerer som forskingsidéutviklingsfora. Ei forskargruppe er i seg sjølv ingen føresetnad for at det kjem fram gode forskingsidear.  Men ei forskargruppe gjer at den einskilde forskar og vedkomande sine idear vert meir synleg i sitt fagmiljø, noko som særleg gjeld dei utan fast tilsetjing og i etableringsfasen.

Vidare vert ei forskargruppe eit fora for tilbakemelding på og foredling av idear. Det er det bare dei meste etablerte forskarane som har nettverk som kan gjera same nytta.

For det andre: lokal forskingsmakt
Gode forskingsidear er ei utfordring i seg sjølv. Men å få dei til å prega forskingsagendaen kan vera enno vanskelegare. Universitets- og høgskulesektoren har vakse frå å vera spissen på utdanningspyramiden til å verta ein sektor i seg sjølv, og har vakse både når det gjeld forskarar, studentar og samfunnsoppgåver.

Dess større organisasjon, dess mindre vert den einskilde forskar. Særleg gjeld det dei utan fast tilsetjing og i etableringsfasen. Men ei forskargruppe er ikkje større enn at ein forskar vert synleg innad, og den er igjen stor og fagleg tung nok til å vera synleg utad.

Det gjer at forskarar gjennom forskargruppene kan vera med å setja forskingsagendane. Alternativet er at den i staden vert sett sentralt gjennom ressursstyringa, og så får den einskilde tilpassa seg så godt som mogeleg.

For det tredje: å vera synleg
Både å skape rom for å utvikla forskingsidear og å få dei til å prega forskingsagendaen dreier seg mykje om å vera synleg. Forskargrupper har den fordelen at dei er synlege på og utanfor universitetet. For det er ikkje bare i Noreg at universitets- og høgskulesektoren har vakse, men i heile verda. For mange tek det mykje av karrieren å visa nok igjen på sitt fagfelt til at ein får dei spanande førespurnadane.

Ei forskargruppe vil markera seg gjennom alle medlemmane. Igjen vil det særleg gjelda dei utan fast tilsetjing og i etableringsfasen, men det kjem alle medlemmane til gode. Ikkje bare fordi kvar og ein dreg vekslar på at gruppa er synleg, men ein vert og meir attraktiv som prosjektspartnar, fordi gruppa verkar som eit tryggleiksnett i tilfelle den einskilde skulle svikta.

For det fjerde: gjennomføringsevne
Dette leiar over til det neste poenget: ein del forskingsprosjekt er avhengig av at fleire bidrar for å i det heile la seg gjennomføre. Ei forskargruppe gjer det mogleg å ta opp forskingsspørsmål som elles ikkje ville la seg studere fordi dei er for omfattande for einskildforskaren eller krev for kostbar infrastruktur.

Gjennomføringsevne er og viktig i høve forskarutdanninga. Ei forskargruppe lagar ei robust og sterk ramme omkring utdanninga av master- og PhD-studentar. Om ein rettleiar skulle bli sjuk eller skifte jobb, fell ansvaret naturleg over på andre i same miljø.

For det femte: finansiering
Dette poenget har òg relevans for søknadar om prosjektfinansiering.  For både offentlege og private finansieringskjelder står det fram som meir trykt å gje midlar til personar i forskargrupper, og ikkje minst til heile forskargrupper, fordi det at det kjem resultat vert mindre individavhengig. Særleg for private gjevarar, som ikkje kjenner forskingsinstitusjonane sine mange irrgangar, kan forskargrupper vere ei meir avklart eining å halda seg til enn einskildindivid eller ein heil institusjon.

I tillegg har finansieringsmodellane endra seg. Finansiering av alt frå forskingsprosjekt, forskarskular og forskarutdanningsnettverk krev at det er forskargrupper på kvar institusjon som deltek. Forskingsfinansiering sett òg krav til at forskinga inngår i eit større forskingsmiljø med ein klar strategi, slik at prosjektet ikkje står og fell på einskildforskarar. Fleire av finansieringsprogramma til EU siktar mot å byggje opp forskargrupper kring einskildforskarar (ERC starting, consolidator og advanced grants), eller stiller krav om at forskinga vert utført i ei forskargruppe for å i det heile vurdere prosjektet.

For det sjette: undervisning
Forskargrupper gjer det òg meir trygt å etablera nye undervisningsfag i forskingsfronten. Ein institusjon må vita at ein har folk til å ta på seg undervisningsoppgåver. Forskargrupper kan tilby eit sett med forskarar med ein særleg kompetanse. Nokre vil ha forskingsfri, vera i foreldrepermisjon, etc., men likevel vil det vera nokon igjen til å ta undervisningsoppgåver. Dermed kan institusjonar tilby fag knytt opp til pågåande forskingsaktivitet, og gje studentane ein forskingsbasert kompetanse som er heilt nødvendig i eit kunnskapssamfunn.

For det sjuande: forskingsformidling
Men forskingsbasert undervisning er òg viktig som ein arena som set forskaren i ein dialogsituasjon, slik all forskingsformidling gjer. For kreativitet er ikkje namnet på ein særleg intellektuell kanal mellom ein forskar og ein reservoar med idear som finst i forskarhimmelen. Det er ein kombinasjon av hardt arbeid og perspektivvriding på det ein alt veit. Dei innspel ein forskar får frå studentar, eller frå andre ein formidlar til, kan nettopp gje ei slik perspektivvriding som set i gang den innovative prosessen.

Det innovative kretslaupet
Desse ideane kan ein så ta tilbake til forskargruppa til foredling. Forskargruppa kan vera med å setja dei på forskingsagendaen. Dermed vert ideane synlege i forskarfellesskapen utanfor universitetet. Dette opnar både for forskarsamarbeid, -utdanning og -finansiering. Ideane går over til å verta sikker kunnskap som kan prega undervisninga og kan formidlast. Dermed får ein nye innspel i den innovative prosessen som ein tek tilbake til forskargruppa.

Dette er ein svært forenkla versjon av det innovative kretslaupet ei forskargruppe bidreg til. Men det er ein tenleg illustrasjon på dei mange fordelane med at forskarar organiserer seg i forskargrupper. Og den kan tena som eit utgangspunkt for vårt spørsmål til rektorkandidatane i innleiinga.

 

Powered by Labrador CMS