Forskarskular: Jobbar med å utvikle konseptet

Publisert

Forskingsutvalet har mottatt ei rekke søknadar frå miljø ved UiB om å få opprette forskarskular. Utvalet har derfor bestemt at konseptet må utviklast nærare før saka kan behandlast i Universitetsstyret.

- Aktiviteten og interessa rundt forskarskulane vart så stor at det vart naudsynt å diskutere opplegget for desse skulane nærare med fakulteta, seier forskingsdirektør Kristen Haugland. Haugland opplyser at det er beramma møter med fleire fakultet før sommarferien for å diskutere kva ein legg i omgrepet forskarskule.

Forskarskulane skal, i tillegg til å vere tverrfaglege, vere knytt til eksisterande forskingsmiljø og eit supplement til og vidareutvikling av dei ordinære PhD-programma. Det har blitt lagt vekt på at miljøa som blir innstilt skal vere internasjonalt orienterte, sterke og produktive fagmiljø som er i tråd med universitetet sine strategiske satsingar.

Ifølgje Haugland er det stor aktivitet rundt i miljøa for å gjere noko for å betre kvaliteten på forskarutdanninga. Forskingsavdelinga ønskjer å styrke forskarutdanninga på brei front, både når det gjeld kvalitet og gjennomstrøyming. Forskarskular er eit ledd i denne satsinga.

Det ligg førebels lite pengar inne i planane for forskarskular. Det er sett av sju stipendiatstillingar og 2,9 millionar til utstyr. I tillegg er tre stipendiatstillingar øyremerkt utviklingsrelatert forsking.

Det er universitetsstyret som gjer det endelege vedtaket om kva forskarskular som skal etablerast, men det blir først på møte i september 2004.

Powered by Labrador CMS