Doktorgradstipendiat Sofie Snipstad fekk flest poeng i den nasjonale finalen. Ho forskar på korleis ein kan bruka bobler og ultralyd til å frakta cellegift meir effektivt ut til kreftsvulstar. Her saman med programleiar Nadia Hasnaoui.

Siger for NTNU i Forskar grand prix

Publisert

Sofie Snipstad (NTNU) overbeviste både dommarar og publikum med spennande kreftforsking under finalen i Grieghallen laurdag.

– Dette er utruleg kjekt. Det er så flott at fleire får høyra om forskinga vår. Og eg har lært utruleg mykje om formidling, seier Sofie Snipstad.

Doktogradstipendiaten frå Institutt for fysikk ved NTNU trakk det lengste strået under laurdagens «Noregsmeisterskap» i forskingsformidling. 

Temaet hennar var «boblande nanomedisin mot kreft». Ho forskar på korleis ein kan bruka nanonteknologi til å få kreftmedisinen direkte ut til dei sjuke cellene, og ikkje ut i heile kroppen. 

– Har fått god innsikt i det du held på med
– Dette var skikkeleg bra. Du har ein ro og snakkar om kompliserte ting på ein lett forståeleg måte, slik at me kan følga heile prosessen. Eg har fått god innsikt i det du held på med, sa dommar Maria Bock til Snipstad etter presentasjonen hennar. 

Nærare 300 tilskodarar hadde funne vegen till Grieghallen for å få med seg åtte håpefulle stipendiatar prøva å formidla forskingsbasert kunnskap på svært tilmålt tid. 

Dei fekk berre fire minutt kvar til å halda ein presentasjon om emnet dei forskar på. 

Etter presentasjonen gav publikum deltakarane poeng frå ein til seks ved hjelp av mentometerknappar, før dommarpanelet kom med tilbakemeldingar, og delte ut sine poeng. 

Miloš Novović (UiO), Sofie Snipstad (NTNU) og Maren Ranhoff Hov (UiO) gjekk vidare til gullfinalen. Der skulle dei halda ein presentasjon på seks minutt, som skulle gje publikum og dommarar endå meir innsikt i forskinga deira. 

Jane Skjoldli, stipendiat ved institutt for arkeologi, historie kultu- og religionsvitenskap på UiB i aksjon på scena.

UiB nådde ikkje opp
– De er alle vinnarar. Me har vore vitne til mykje spennande forsking her i kveld, sa dommar Maria Bock.

Jane Skjoldi og Anne-Catrin Adam gjekk vidare frå delfinalen i Bergen på onsdag, men nådde ikkje opp i den nasjonale finalen.

Les meir: Kvinnenes kveld i Forsker Grand Prix

– Det var eit utruleg høgt nivå, så eg er berre fornøgd med å ha fått vore med, seier Adam, som er svært glad ho melde seg på. 

– Me har fått utruleg god trening i korleis me skal formidla, så no er eg mykje tryggare på det å stå på ei scene.

Fjorårets vinnar, Cecilie Gjerde (UiB), og direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén, delte ut kveldens pris, som var eit reisegåvekort på 20.000 kroner. Dommarpanelet bestod av førsteamanuensis Marlen Ferrer ved Høgskolen i Oslo og Akershus, debattredaktør i Aftenposten, Erik Tornes, og skodespelar Maria Bock. 

Desse deltok i finalen:

Jane Skjoldli, Universitetet i Bergen.
Maren Ranhoff Hov, Universitetet i Oslo.
Jørgen Erland Linde, Universitetssjukehuset i Stavanger. 
Miloš Novović, Universitetet i Oslo.
Anne-Catrin Adam, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES).
Sofie Snipstad, NTNU.
Monica Gundersen Mitchell, Universitetet i Stavanger.
Katie Aurand, NTNU.

 

Forskar Grand Prix

  • Vert arrangert for 7. gong
  • Forskingsmiljøa i Trondheim, Bergen og Stavanger var dei fyrste som deltok.
  • I år har det vore delfinalar i Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim.
  • Kva kandidat får fire minutt til å presentera sitt forskingsprosjekt.
  • To kandidatar frå kvar by går vidare til den nasjonale finalen.
  • Vinnaren av finalen vert premiert med 20.000 kroner.
Powered by Labrador CMS