Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Nærare 1500 elevar møtte opp på Forskningstorget i Bergen fredag. Der fekk dei møte alt frå det mystiske orakelet i Delfi til entusiastiske forskarar, statsmeteorologar og ulike fiskeslag.
31 stasjonar var godt plassert inne i eit stort telt på festplassen. Her kunne dei frammøtte få eit innblikk i kva som røyver seg i dei ulike forskingsmiljøa.
Kommunikasjon er temaet
Til stor jubel frå dei ulike skuleelevane, opna <<VilVite>> det heile med å demonstrere korleis indianarane sendte røyksignal for å kommunisere. For det er nemleg kommunikasjon som er temaet i år kunne leiar for Forskningsdagene i Bergen, Silje Vik Pedersen fortelje.
– Alle prosjekta her har noko med kommunikasjon å gjere. Det kan vere cellekommunikasjon, fiskekommunikasjon eller kommunikasjon innanfor språk, skule eller helse.
Ventar fleire tusen besøkande
1500 elevar frå sjette og sjuande klasse hadde møtt opp på den solrike fredagen, men på laurdag forventar Vik Pedersen enda fleire.
– Vi reknar med å få besøk av rundt 7000 i alle aldrar.
– Kor viktig er dette arrangementet?
– Kjempeviktig. Vi tek forskinga ut av institusjonane og ut på torget slik at vi kan vise dei kva forsking har å seie for dei i deira daglege liv. Vi gjer det meir tilgjengeleg for alle.
Spanande språklabyrint
Maja Milde Brandt-Rasmussen, Ida Lindberg og Anniken Losnedal Tonning på 11 år er tre av dei 1500 elevane som tok turen til Festplassen, og det er ikkje tvil om at dei tre har hatt ein spanande dag.
– Det er kjempegøy å utforske, seier Ida og for full støtte frå Maja.
– Det er veldig kjekt å lære forskjellige ting og at vi kan få forske litt på ting vi ikkje veit noko frå før av.
Medan Maja har lyst å sjå nærare på standen til Haukeland sjukehus, har Ida og Anniken meir interesse av språklabyrinten, der ein må gjennom ulike språkoppgåver. Det gler Guro Sandnes, som er stipendiat og ansvarleg for språkstasjonen.
– Det er veldig viktig for oss å vise fram kva språkstudia våre går ut på og vi forsøker å bevisstgjere elevane på betydinga av å kunne framandspråk og kanskje kan vi klare å rekruttere nokon av dei til å ta språkstudiar seinare.
Og kanskje har dei lukkast med det allereie.
– Eg kunne kanskje tenkje meg å studere italiensk eller spansk. Det er to språk eg likar godt og eg likar å lære nye ting om språk og om landa dei kjem frå, seier Anniken og tek imot eit diplom som bevis på at ho har gjennomført språklabyrinten.
Orakelet i Delfi delte ut meir eller mindre gode råd
Sidan kommunikasjon er årets tema var ein gamal meister innanfor kommunikasjon til stades på Festplassen. Orakelet i Delfi sat godt gøymt bak tunge gardiner medan røyk seiv ut.
– Orakelet var jo kommunikasjon mellom gudane og menneska. Pythia var ein slags kanal mellom menneska og Apollon. Ho sat på sin trebeinte krakk og fekk svar etter kvart som spørsmåla vart stilt. I dag er Pythia her og ho gjev svar på det ungane lurer på, fortel Siri Kleppe som er tidlegare masterstudent ved religionsvitskap.
Ein av dei som freista lukka hjå orakelet var tolv år gamle Per.
– Eg spurte orakelet om ho trudde veslesyster mi kom til å verte glad når eg kom heim i dag.
– Kva svarte orakelet da?
– Penger kan ikkje kjøpe lykke alltid.
– Skjønte du det svaret da?
– Nei, ikkje eigentleg…
Alle snakkar om vêret
Kanskje kan då svara til Meteorologisk institutt vere lettare å forstå. I eit land som Noreg der folk flest er utruleg opptekne av vêret er det sjølvsagt viktig at dei som skal fortelje oss om korleis vêret blir er gode til å kommunisere, fortel statsmeteorolog Kjersti Oppstad Strand.
– Vi er her for å vise korleis vi kommuniserte vêret tidlegare og korleis vi gjer det no. Mange hugsar kanskje <<vêrkuben>> som vart brukt tidlegare til å vise om det vart sol eller regn. Denne sirkelen her der den eine halva er svart og den andre kvit trur mange av elevane her i dag betyr halvmåne, men det betydde eigentleg halvskya. No er symbolet ei sol med ei lita sky som dekkjer delar av den.
(Artikkelen held fram under biletet)
Statsmeteorolog Kjersti Oppstad Strand viser og fortel korleis meteorologane kommuniserte vêret tidlegare. Her er ho med den gamle <<vêrkuben>>
Foto: Ingvild Festervoll Melien
Rekrutteringsarena for forskingsmiljøa
Silje Vik Pedersen hastar framleis rundt om i teltet og passar på at alt går som planlagt. Alt er i rute både i dag og til den store dagen i morgon, då fleire tusen skal innom dei ulike stasjonane. No håpar ho at arbeidet kan resultere i at fleire kan tenkje seg å studere noko av det dei har fått eit lite innblikk i.
Dette er ein rekrutteringsarena. Dei som er her i dag er unge, men i morgon er det ope for alle, og vi har også <<forskningsdagene ung>> som er for dei vidaregåande elevane. Forskingsmiljø ser at dette er viktig og er ivrige på å bidra for å lokke fleire til seg og sitt miljø. Eg trur nok mange som er her i dag kan få ein liten peikepinn på kva dei kunne tenke seg å studere ein gong i framtida, seier Vik Pedersen.