Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det finst faktisk eit eige verdssymposium for manetforsking. Og dersom det går som Jo Høyer og Universitetsmuseet håpar, kan symposiet neste år verta starten på eit stort, internasjonalt, Horisont 2020-finansiert formidlingsprosjekt – om manetar.
Det finst ingen portugisiske krigsskip, i alle fall ikkje forma som manet, utanfor norskekysten. Men det finst andre manetar der, og fleire enn brennmanet og glasmanet, som dei fleste sikkert har vore i kontakt med. No koordinerer Universitetsmuseet og rådgivar Jo Høyer eit prosjekt der nettopp manetar skal vera med på å auka kunnskapen om marine miljø.
Horisont 2020-programmet «Science with and for society» er eit formidlingsprogram der ein skal formidla kunnskap og engasjera. Ikkje berre publikum, men òg mellom andre organisasjonar og styresmakter.
Utstilling først
Det heile byrja med at Universitetsmuseet vart kontakta av naturhistorisk museum i Berlin om ei internasjonal vandreutstilling om manetar. Avtalen var at utstillinga var sikra å skulle visast i Berlin, Wiesbaden, Bergen, Trondheim og Paris i tillegg til eventuelle nye stader. Men kven skulle finansiera det heile? Det var då ideen om Horisont 2020 kom.
– Programmet me søkjer innanfor, er eit formidlingsprogram der ein skal formidla basert på forsking. Det er altså formidlinga som er i fokus, seier Høyer.
I tillegg til utstillinga, som sjølvsagt vert ein viktig bit av prosjektet, planlegg ein eit opplegg for kartlegging av manetar. Det har ein allereie i Middelhavet. Badevakter, Røde Kors og andre rapporterer inn når dei ser manetar. Det er laga eit eige hefte med oversikt over dei ulike typane der ein òg får vita kva ein gjer dersom ein kjem i nærkontakt med ein manet.
– På nokre strender vert det òg sett opp manetflagg, på same måte som ein varslar om havstraumar og bølgjer. Det var omstridd å gjera dette, for mange var redde for at manetvarselet kom til å gjera at badande ville halda seg vekke frå område med mykje manetar. Men det har ikkje skjedd, tvert om verkar det som om folk set pris på informasjonen, seier Høyer.
Manetar på badestrender er ikkje eit stort problem i Noreg. Men manetar kan vera eit problem for mellom anna fiskeoppdrett og fiske.
Spreidd forsking
I tillegg til utstillinga og kartlegginga, inneheld prosjektet eit skuleprogram, ein nettportal og ulike formidlingstiltak som mindre utstillingar. Ein evalueringsbit er òg med, og det spesielle er at evalueringa skjer undervegs – ikkje når prosjektet etter planen skal avsluttast etter tre år. Konsortiet, som er samansett av miljø i Bergen, Trondheim, Barcelona, Berlin og Amsterdam har ansvar for kvar sin del. Universitetsmuseet i Bergen koordinerer, og har i tillegg ansvar for nettportalen.
– Manetar er ein indikator på endring. Ein snakkar om manetoppblomstring, er det meir av det enn før? Og manetar har stort potensiale. Nokre stader vert dei brukt som mat, og det finst kremar ein kan smørja seg med dersom ein har brent seg på ein manet – som er basert på manetar, seier Høyer.
Forsking på manetar skjer i små, og spreidde, miljø. I Bergen er det nokre ved UiB og nokre på Havforskingsinstiuttet, elles i Europa er det forskarar med manet som spesialfelt i Tyskland, Spania og Irland. Men det finst eit eige verdssymposium for manetforsking. I mai neste år går det femte verdssymposiet av stabelen i Barcelona.
– Me håpar det vert kick off for prosjektet, seier Høyer.
Har lukkast i EU før
Men nålauga er trangt. Så langt har UiB fått tilslag på over tjue prosent av prosjektsøknadane sine til Horisont 2020. Det er mykje.
– Me har lukkast i EU før, seier Høyer, og viser til MAR-ECO, som var eit internasjonalt forskingsprosjekt, koordinert ved Havforskingsinsituttet og UiB. Prosjektet skulle styrka kunnskapen om dyr og dyresamfunn, særleg fisk, krepsdyr, blekksprut og geléplankton, mellom anna småmanetar, langs Det midtatlantiske ryggen frå Island til Azorene.
– Me synest me har eit godt konsept, og samarbeidet mellom partane ser ut til å verka bra. Me må bygga på den kompetansen me har, både når det gjeld formidling og forsking på universitetet, seier Høyer.