Femstjerners forskarutdanning

Publisert

Inne i Masfjorden ligg det eit skip og ruvar. Ombord er det flotte lugarar, herleg mat og store salongar ein kan slappe av i. Men det er ikkje ein gjeng feststemte pensjonistar som er på hurtigrutetur, om du trudde det. Det er ei gruppe unge studentar som er på forskartokt.

Studentane er ombord i G.O. Sars, som er Nord-Europas mest avanserte forskingsskip. Her skal dei kursast i marine feltmetodar.

Skal lære å verte forskarar
Dette er fyrste semesteret studentane er på masterstudiet. Meininga er at dei skal kunne ta med seg det dei lærer her når dei skal skrive si eiga masteroppgåve, fortel Anne Gro Vea Salvanes, som er professor på Institutt for biologi, og toktansvarleg på turen.

– Dei skal lære å planlegge ei feltinnsamling, dei skal lære å gjennomføre den, samle inn materiale, analysere data og presentere det dei har funne i ein rapport som vert deira eksamen. Dei skal rett og slett lære å bli forskarar.

Dette er fyrste semesteret studentane er på masterstudiet. Meininga er at dei skal kunne ta med seg det dei lærer her når dei skal skrive si eiga masteroppgåve.

(Artikkelen held fram under biletet)

Toktleiar Anne Gro Vea Salvanes har planlagt lenge for at studentane skal få mest mogleg ut av opphaldet på G.O. Sars. Så langt ser det ut til å gå veldig bra. Foto: Ingvild Forstervoll Melien.

Fyrste gong med FUF i Masfjorden
Universitetet eig denne båten i samarbeid med Havforskingsinstituttet og dei har felles rederi. Her har dei det meste av utstyr.

– Vi har jo utruleg mykje utstyr med oss på turen, slik at vi kan samle inn alt frå miljødata til dyreplankton, stor fisk og liten fisk.

Nytt for i år er at dei har med seg ein såkalla FUF (fjernstyrt undervannsfarkost) med på ekspedisjonen. Det er som ein slags liten ubemanna ubåt som dei trålar fjordbotnen med og jobbar seg opp over.

– I går var vi heilt i ekstase då vi gjorde det fyrste dykket. Det er fyrste gongen det blir sett ned i Masfjorden på denne måten. Så no får vi sjå kva som finns her nede.

Og i dag skal studentane få vere med når FUF’en går ned til 380 meters djup. Så vert den sakte, men sikkert, heist opp langs fjellsida i fjorden, medan den fangar livet i fjorden på kamera.

– Det vi forventar å finne er mesopelagisk fisk. Mellom anna laksesild, ein nydeleg vakker liten fisk. Den finst det millionar av. Det er noko av det mest talrike i alle verdshava. Dei lever frå ca. 100 meters djupne og ned til kring 1000 meter. Dei vandrar opp om natta og ned i djupet på dagen.

Men før det arbeidet kan starte er det både lunsjtid og vaktskifte. Studentane som er her går i sekstimars skift. Ida Vee er ein av dei, og er nett ferdig med si vakt. Så langt trivst ho stort ombord i båten og med oppgåvene dei skal gjere.

– Det er veldig allsidig arbeid. Vi får sett mykje og opplevd mykje. I går tok vi mellom anna sedimentprøver. Då fekk vi opp prøver heilt ifrå fjordbotnen, ein stor haug med gjørme og litt dyr.

Litt sånn som danskebåten
Åtte dagar totalt skal studentane vere ombord. Dette forskingstoktet byr ikkje berre på undervisning og fagleg påfyll, det er og ganske sosialt. For sjølv om det er eit stort skip så bur ein tett på kvarandre, men så langt har det gått veldig bra.

– Ein blir godt kjende på slike turar. Det er veldig triveleg å vere saman og det er jo veldig praktisk at eg har fleire her som kan vekke meg om morgonen når det er tungt å stå opp, seier Vee.

Det er heller ikkje noko å utsetje på fasilitetane ombord. Dei har både treningsrom og TV-stove. Det har overgått forventningane, kan Vee fortelje.

– Eg såg føre meg ein mykje mindre båt. Dette er jo skikkeleg high class.

– Litt sånn som danskebåten?

– Ja, men med mykje betre mat.

Toktleiar Salvanes kan bekrefte at studentane er godt nøgde med opphaldet ombord så langt.

– Det er veldig god stemning her. I utgangspunktet lurte dei på korleis dette kom til å bli. Måtte dei ha sovepose med? Kunne dei få seg ein dusj i løpet av opphaldet? Vi ville at dei skulle bli positivt overraska, så vi sa dei slapp sovepose og at det skulle bli ei råd med dusjinga. Då kan du tru dei vart veldig fornøgde når dei kom ombord for her er det jo nesten som å vere på eit cruiseskip, seier Salvanes.

OBOS for børstemarken
Det vert kommunisert over walkie-talkie og signal vert gjevne om at FUF’en skal senkast. Det vert også fleire andre instrument som kan måle alt frå lystilhøva, mengda med oksygen i fjorden, saltinnhaldet og temperaturen.

Men det er FUF’en som får mest merksemd. Oppe i ein salong sit studentane spente med notatblokkene klare. Dei får overført bileta direkte opp til seg. Nede i ein liten container sit mannskapet på G.O. Sars og styrer dette ubåtliknande vedunderet.  Opp kjem bilete frå fjorden, klare og tydelege.

– Sjå der! Der ligg det ein langfingerkreps. Kan du zoome inn på den?

Som sagt så gjort, FUF’en går nærare og kameraet zoomar inn på den vesle skapningen. Litt seinare kan ein sjå ein koloni av børstemark som har festa seg til fjellsida i fjorden.

–Ser de det? Det er litt som OBOS for børstemarken. Reine bustadblokka, seier Salvanes til stor begeistring frå dei andre i containeren.

Forskertokt i Masfjorden from På Høyden on Vimeo.

Viktig erfaring å ha med seg
Det er vaktskifte på G.O. Sars. Ei gruppe studentar har stupt i seng, medan den andre gruppa no skal ta fatt på sine oppgåver. Kledd i oljehyre, vernestøvlar og hjelm er dei klare til å ta imot den fyrste av dagens fangst.

Sergio D. Cardoso Da Rocha og Inga-Lill Henriksen sorterer Maurolicus Muelleri i ulike kar. Den vesle fisken har blitt henta opp av eit tredelt nett som gjer at ein kan vite nøyaktig på kva djupne dei ulike fiskane var fanga.

– I desse ekkolaga er det dei minste fiskane som er øvst og dei største fiskane nedst. Ved å gjere dette kan vi måle og sjå om det stemmer. Vi målar 100 stykk for å finne gjennomsnittsstorleiken, fortel Henriksen.

Også Henriksen er svært nøgd med å få vere ein del av denne ekspedisjonen.

– Det er tungt når ein har nattskiftet slik som vi har, men det er veldig moro å få sjå korleis det fungerar.

Ei slik veke som dette på båten blir noko ganske anna enn å sitje på lesesalen og ikkje minst ei verdifull erfaring, meiner ho.

– Vi får sjå korleis ting fungerar på eit skip. Trålane, netta, innsamlinga. Rett og slett å vite kvar dataa kjem ifrå. Det er viktig å ha med seg vidare når ein skal skrive sin eigen master.

Samfunnsnytte av verdi
Men det er ikkje berre studentane som dreg god nytte av ein slik tur, meiner toktleiar Salvanes. Det gjer også samfunnet.

– Vi gjer ting på same måten kvart år. Vi registrerer alle datafiler og byggjer opp ein database med ein tidsserie med materiale. Får vi halde fram med dette kurset fleire år framover, så får vi eit unikt materiale som kan brukast til å studere endringar og variasjonar frå år til år både i artssamansetjing og mengde og om mogleg effekt av klimavarisasjon.

Også universitetet i Bergen har noko å tene på dette tilbodet, meiner Salvanes.

– Eg trur det er veldig positivt for UiB å kunne sende framtida ut på sjøen for å lære noko dei kjem til å ha bruk for, og som framtidige arbeidsgjevarar kjem til å ha bruk for. Dette er dessutan eit tilbod ein ikkje kan få så mange andre stadar enn i Bergen.

Internasjonal forsking
Det er ikkje berre studentane ved UiB som er om bord på båten. Inne i eit laboratorium står  Fanny de Busserolls, som normalt held til på KAUST i Saudi-Arabia. Ho forskar på auga til fisken og ynskjer no å samanlikne funn av mesopelagisk fisk i Raudehavet med mesopelagisk fisk frå norske fjordar.

– Det er store skilnadar på ein norsk fjord og på Raudehavet. Temperaturen, kvar fisken held seg og ikkje minst skilnaden som er når det kjem til lystilhøva til fisken. I Raudehavet er summen av dagslys omtrent konstant, medan den her i Noreg varierar stort frå årstid til årstid. No blir det spanande å sjå kva dei ulike tilhøva til fisken har å seie for utviklinga, seier de Busserolls.

I motsetnad til studentane som er ombord har de Busserolls vore med på slike turar fleire gonger. Også ho er storleg nøgd med turen så langt.

– Det er fantastisk. Det er veldig komfortabelt her, og det er heller ikkje dei store bølgjene eller bevegelsane i skipet, noko som gjer det å arbeide på laboratoriet mykje enklare. Dessutan kan eg få bøtter med fisk her, medan det andre stader kan vere mykje mindre. No kan eg plukke ut så mange eg vil, seier de Busserolls og ler. 

(Artikkelen held fram under biletet)

Fanny de Busserolls er gjesteforskar på UiB. Til vanleg held ho til på KAUST i Saudi-Arabia. Ho er interessert i å finne ut meir om skildnadar og likskapar på mesopotamisk fisk i Raudehavet og i dei norske fjordane. Foto: Ingvild Fostervoll Melien.

Plan A, plan B, plan C og plan D
Timane går og alle har dei faste oppgåver. Snart nærmar det seg middag, men toktleiar Salvanes har framleis mykje som må organiserast.

– Det ligg ein god del planlegging bak, det kan eg love. Når og korleis skal ting gjerast. Ein kan planlegge og planlegge, men det vil alltid vere noko som ikkje går heilt etter planen. Slik er det alltid i felten, då gjeld det å ha plan A, plan B, plan C og plan D. Fungerar det framleis ikkje då, så må vi leite fram den siste planen, men som regel ordnar det seg.

Går alt etter planen skal studentane lære korleis reiskapen fungerar og kva som er representativ prøvetaking. Dei lærer seg dei ulike moglegheitene, men og avgrensingane, som reiskapen har. 

– Det var veldig synd i går då ein belteslede køyrde seg fast i botnen og kom opp øydelagd, men vi satsar på at vi kan få reparert han. Dei prøvene vi hadde planlagt å få der, dei fekk vi diverre ikkje. Vi skulle hente opp sjøpølser og andre dyr som skulle målast, men slik vart det ikkje, fortel Salvanes.

Har studentane blitt for godt vande?
Men også dette er ei slags læring for studentane som kan vere god å ha med seg vidare.

– Det er veldig viktig at studentane lærer seg slike ting også. Korleis skal ein takle denne typen utfordringar? Det er slikt dei garantert vil møte på i eige feltarbeid også. Her på båten får dei oppleve både det som fungerer og det som ikkje fungerer. Det er kjempeviktig, seier Salvanes.

Men det er eit problem som Salvanes ikkje heilt veit korleis ho skal løyse, og det er korleis det blir for studentane når dei kjem heim igjen til kvardagen.

– Einaste bekymringa til studentane så langt er at det kjem til å bli dyrt i matvegen for dei når dei kjem heim no som dei er blitt så vande med all maten dei får ombord her, seier Salvanes og ler.

Men den bekymringa får berre vere, for no ringer klokka som betyr at det er middag ombord. Fisk, sjølvsagt.

Powered by Labrador CMS