Gudmund Hernes opna konferansen onsdag. Foto: Njord V. Svendsen/NSD
Små data. Store data. Opne data. Korleis kan dei best tene samfunnsforskinga?
Stor konferanse: Denne veka er 250 menneske frå heile verda samla i Bergen for å diskutere korleis datatilbodet til samfunnsforskinga kan bli best mogleg.
Anledninga er IASSIST 2016 -konferansen, verdas største konferanse innan informasjonsteknologi og datatenester for samfunnsforsking.
– NSD har lang tradisjon for deltaking på konferansane både med foredrag og workshops. Det er derfor ei stor glede å få lov til å samle dei beste fagfolka her hos oss i Noreg, seier direktør ved NSD, Bjørn Henrichsen i ei pressemelding.
Målet med konferansen er å styrke internasjonalt samarbeid og styrke kunnskap om data i samfunnsforsking.
250 deltakarar har kome til Bergen for å vere med på datakonferansen, som varer til 3. juni.
Dette er saka:
- IASSIST: Internasjonal organisasjon som arbeider med informasjonsteknologi og datatenester for forsking og undervisning i samfunnsvitskapane. Minst
- 250 deltakarar kjem til Bergen i dagane 31. mai til 3. juni 2016 for å vere med på konferansen Embracing the ‘Data Revolution′: Opportunities and Challenges for Research.
- NSD er nasjonalt arkiv for forskingsdata og eit av verdas største i sitt slag. NSD arkiverer, legg til rette og formidlar data til forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt, og utarbeider teknologiske løysingar. NSD har eigen seksjon for personvern som behandlar prosjektsøknader frå rundt 150 institusjonar. NSD er eit aksjeselskap eigd av Kunnskapsdepartementet og held til i Bergen med omlag 100 tilsette.