Å få barn endrar mykje. Mange par kranglar meir, og kanskje annleis, enn då dei berre var to. Psykolog Øystein Mortensen meiner at korleis ein kranglar har mykje å seia for korleis samlivet vert. Illustrasjonsfoto: Colorbox

Kva skjer eigentleg når ein får barn?

Publisert

Dei aller fleste kranglar meir når dei går frå å vera to til tre. Men nokon kranglar på ein sunnare måte enn andre. Jakta på den gode krangelen, kallar psykolog Øystein Mortensen det.

– For amerikanarane er Noreg eit sært eksperiment, humrar Øystein Mortensen.

Han er psykolog og jobbar mellom anna i skulehelsetenesta og på helsestasjon, og i morgon disputerer han med avhandlinga «The Transitation to Parenthood».

Når amerikanarar ser på Noreg som noko sært, handlar det i denne samanhengen om alle ordningane som er knytt til fødsel og fødselspermisjon. Amerikansk forsking viser at for eit gjennomsnittleg par er det heilt vanleg at ein vert mindre tilfreds med parforholdet etter at ein har fått barn. Men sidan ordningane i Noreg er annleis, og betre, kunne ein tenkja seg at norske par er meir lukkelege etter at barnet kjem.

Slik er det ikkje.

Fleire konflikter
Med utgangspunkt i tal frå Den norske mor- og barn-undersøkinga har Mortensen funne at ein ser den same nedgangen for norske par. I undersøkinga er det fire målepunkt – eitt før fødsel og tre etter. Para rapporterer om at dei vert litt meir tilfredse under svangerskapet – men så går kurven nedover.

– Dette er altså verken kulturelt eller økonomisk betinga. Altså må det vera noko med sjølve belastninga knytt til å få barn, seier Mortensen.

Det som er likt mellom både USA og Noreg, og òg andre land i vesten, er ein aukande individualisme. Ein er oppteken av sjølvrealisering, ein får barn seint – og i mange aviser finn ein samlivsspaltar som fortel korleis ein bør leva og korleis ein bør ha det. Så kjem barnet, og med det vert truleg nokre forventningar brotne. Då kjem konfliktene.

– Talet på konflikter aukar, og det er eigentleg ganske logisk. Ressursane vert avgrensa på ein annan måte enn før, seier Mortensen, og nemner både fridom, søvn, sex og tid til parforholdet.

– Ein byrjar å forhandla. Plutseleg er det kanskje ikkje så greitt at mannen går ut for å drikka øl med kompisane lenger. Ein vert meir barnsleg og irrasjonell i argumentasjonen.

 Men korleis taklar ein så at kvardagen vert annleis? Ifølgje Mortensen er det to måtar å krangla på: Ein konstruktiv og ein destruktiv.

Den destruktive er kjenneteikna av til dømes kjefting, karakterisering av partnaren og himling med augene, den konstruktive måten er å setja seg ned og snakka skikkeleg saman.

Mortensen viser til den amerikanske psykologiprofessoren John Gottman. Noko av det han gjorde, var å observera kranglande par.

– Gottmann seier at menneske sin emosjonelle konto har ei urettvis rente. Menneske er vare for kritikk og for sin plass i flokken. Difor trengs det eit fem til ein-forhold mellom konstruktiv og destruktiv krangling, seier Mortensen.

Gifte klarar seg betre
Sjølvsagt er det ikkje slik at alle par som får barn er ulukkelege, og sjølvsagt er det ikkje alle par som går frå kvarandre etter at dei har vorte foreldre. Men forsking, både frå USA og den Mortensen no har gjennomført, viser at gifte par er meir tilfredse etter at ein får barn enn kva sambuarar er. Sambuarpar rapporterer òg om meir destruktiv krangling.

Mortensen seier at dette overraskar han. I USA er det framleis slik at å vera sambuar eller gift til ei viss grad er knytt til sosioøkonomiske skilnader. I Noreg har nitti prosent av alle mødre som er fødde på 1970-talet vore sambuar før dei gifta seg.

– Amerikanske forskarar brukar omgrepet «sliders», som eg brukar på ein litt annan måte. Det er nok slik at for nokre som er sambuarar når dei vert foreldre, er dette noko dei på sett og vis har sklidd inn i. Dei har vore kjærestar, kanskje budd litt hos kvarandre – og så vert kvinna gravid. Då flyttar dei saman, forklarar Mortensen.

Han seier at sambuarar har den same kurven som gifte: Ein er meir tilfreds under svangerskapet, men mindre etter fødsel. Men sambuarar ligg heile tida på eit nivå under dei som er gifte.

– Kva skjer når ein får barn nummer to?

– Ein ser den same kurven, men ho er litt slakkare. Ein byrjar òg på eit lågare nivå enn ein gjorde før ein fekk det første barnet, seier Mortensen.

Han understrekar at det er kor tilfreds ein er med parforholdet som er målt. Ein har ikkje sett på kva som til dømes vert sagt om at livet vert rikare når ein får barn.

– Det er òg ein tredel av dei spurte som seier at ein er meir eller like mykje tilfreds med parforholdet etter at ein har fått det første barnet, seier Mortensen.

– Samlivskurs hjelper ikkje
Det handlar altså ikkje om å unngå konflikt eller ikkje, men om korleis ein handterer dei konfliktene som kjem.

– Giftigheita i destruktiv krangling er større enn den helande krafta i konstruktiv krangling, seier Mortensen.

Han seier at ein veit at kvaliteten på foreldra sitt samliv har noko å seia for barnet og for barnet si utvikling.

I den siste delen av doktorgradsarbeidet har han sett på om samlivskurs har noko å seia for om par som nyleg har vorte foreldre vert meir tilfredse. Konklusjonen er nei.

Det var Bondevik-regjeringa som innførte kurset «Godt samliv». Alle førstegangsforeldre skulle då få tilbod om å delta.

Mortensen har undersøkt 120 par som deltok på eit slikt kurs.

– Det viser seg at dei som melder seg på, er par som kranglar oftare. Eg skal vera varsam med å trekkja bastante konklusjonar, og det er mogleg at desse para hadde hatt ein større nedgang i kor tilfredse dei er uansett, men eg ser ingen positiv effekt, seier han.

Forskaren seier at både dose og timing er viktig for om eit slikt kurs verkar. I dag er kurset på åtte timar.

– Kor realistisk er det å skapa ei varig endring då, spør Mortensen.

Vil ha kurs før fødsel
I USA er det vanleg at ein går på kurs før ein giftar seg. Mortensen meiner at ein òg i Noreg heller bør få eit tilbod før fødsel.

– Det som har mest å seia for korleis det går med eit par etter at dei har fått barn, er korleis dei hadde det før svangerskapet. Eg meiner at ein bør få tilbod om eit kurs der ein snakkar om forventningar. I dag er det sagt så mykje om å vera foreldre – ein skal prestera så mykje, seier Mortensen.

– Det å gi god nok omsorg er noko som ligg i oss. Menneske har fått barn i tusenvis av år, så kva ein skal gjera når ein barn skrik, kjem temmeleg intuitivt. Men i dag trur me at me må lesa så mykje – me intellektualiserer det å få barn på ein annan måte enn foreldregenerasjonen vår gjorde.

– Når forventningane vert brotne, vert det lett konflikt, seier Øystein Mortensen. Torsdag disputerer han med temaet «kva skjer med parforholdet når ein får barn». Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS